Høyring: Forslag til forskrift om opning for bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel ved jakt på hjort i Bjørnafjorden kommune

Bjørnafjorden kommune legg med dette ut forslag til lokal forskrift om opning for bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel ved jakt på hjort på offentleg høyring. Høyringsfristen er 26. august 2026.

Forslaget er ein del av kommunen sitt arbeid med ei berekraftig og kunnskapsbasert forvalting av hjortebestanden. Målet er å ha verkemiddel som kan bidra til å redusere utfordringar knytte til høg hjortetettheit, mellom anna skadar på jordbruk og skog, trafikkulukker og andre konfliktar med samfunnsinteresser.

Forskrifta vil berre gjelde bruk av siktemiddel under jakt, og endrar ikkje gjeldande løyve, kvotar eller bestandsmål. Eventuell bruk skal vere avgrensa til jakt i ope terreng, i tråd med nasjonalt regelverk.

Kommunen inviterer grunneigarar, jaktrettshavarar, vald, organisasjonar, offentlege myndigheiter og andre interesserte til å sende inn merknader.

Les forslag til forskrift

Her finn du forslaget til forskrift og andre dokument i saka.

Høyringsfrist: 26.08.2026

Send innspel


Du kan eventuelt sende innspelet ditt 

  • på e-post: post@bjornafjorden.kommune.no
  • i posten: Bjørnafjorden kommune, Postboks 24, 5649 Eikelandsosen

Merk høyringssvaret med saksnummer 26/6988.