Viktig nytt om gjødselbruk i 2025

Frå 1. februar 2025 gjeld nytt regelverk for både husdyrgjødsel og mineralgjødsel. Målet er betre avlingar, mindre avrenning og betre miljø. Det er viktig at du som bonde kjenner til dei nye reglane. 

Det kan vere vanskeleg å sjå kva krav som gjeld ditt bruk og kva tid det trer i kraft. Under har vi oppsummert nokre viktige punkt som gjeld krava i 2025. Vi vil gi meir informasjon om påfølgande år etter kvart. 

1. Bruk av gjødsel på innmarksbeite 

Husdyrgjødsel: 

  • Det er ikkje lov å spreie husdyrgjødsel på innmarksbeite utan godkjenning frå kommunen. 
    • Dei som har dokumentasjon på tidlegare godkjenning kan bruke denne. Alle andre må søkje dersom dei ønskjer å bruke husdyrgjødsel på beite. Søk om godkjenning her. 

Kunstgjødsel: 

  • Overgangsperiode 2025-27: Mineralgjødsel på innmarksbeite er tillate utan godkjenning viss det aktuelle beitet har blitt gjødsla før og dette kan dokumenterast med gjødslingsplan frå 2022 eller 23. 
  • Innmarksbeite som ikkje har blitt gjødsla med kunstgjødsel tidlegare, krev godkjenning no dersom det skal gjødslast. 

Omsyn til vassdrag (med årviss vassføring) krev  6 m avstand til vassdrag ved gjødsling av innmarksbeite 

2. Fosforgrense og spreieareal 

  • I 2025 og 2026 kan du ikkje tilføre meir enn 3,5 kg fosfor per dekar (gjeld både husdyrgjødsel og mineralgjødsel). 
  • Du må sikre at du har tilstrekkeleg spreieareal. Bruk gjerne fosforkalkulatoren til Landbruksdirektoratet for å vurdere dette. 
  • Dersom du har meir fosfor enn spreiearealet tillet, må du finne alternativ handtering.
  • Gjødsla areal må haustast, eller få etablert plantevekst same år etter siste spreiing 

3. Spreiefrist hausten 2025 

Spreiefrist for Vestland er no: 

  • 15. februar–15. september (overgangsordning i 2025 og 2026) med nedmolding fram til 1. november.
  • Kommunen har ikkje lenger høve til å gje utsett frist, men ein kan søkje til Statsforvaltaren (§31 punkt c). Det er berre Statsforvaltaren som kan gje dispensasjon frå den nye forskrifta. 

4. Frå 2026: Krav om gjødslingsplan 

  • Alle som disponerer og gjødslar meir enn 25 dekar jord (eller 5 dekar potet/grønsaker) må ha gjødslingsplan.
  • Fritak blir ikkje lenger gitt etter 2025. 
  • Frå 2026 må alle som bruker gjødsel føre gjødseljournal – også dei som ikkje har krav om gjødslingsplan.