400 000 til kartlegging av natur i Raudlio–Stokkedal

Bjørnafjorden har fått 400 000 kroner i støtte frå Miljødirektoratet til å kartlegge naturmangfald i området Raudlio–Stokkedal. 

Utsikt mot Gåssandvatnet og Raudlio. Simon Wolff

Målet med kartlegginga er å finne ut kva natur som faktisk finst her, og få betre kunnskap om viktige artar og naturkvalitetar. 

Sjå området på kart

Det er ikkje tidlegare registrert spesielle naturtypar i dette området, som til dømes den sjeldne og artsrike skogtypen boreonemoral regnskog. Dette skal no undersøkast grundigare. 

Kartlegginga skjer i 2025 og skal følgje nasjonale standardar. Resultata blir lagra i offentlege databasar og kan bli brukte i både naturforvaltning og vidare planarbeid. 

Vi er stolte over å få støtte gjennom Natursats – ei ordning som skal hjelpe kommunar med å ta vare på naturmangfaldet, og gler oss til arbeidet.