Ordførar Terje Søviknes har difor, etter rådslag med formannskapet, i dag fatta slikt vedtak i medhald av §4.6 Vedtaksmynde i hastesaker i Saksbehandlingsreglar for folkevalde i Bjørnafjorden kommune 2023-2027, jf. Kommunelova §11-8:
- Bjørnafjorden kommune løyver kr 100 000,- i tilskot til Os Turn Fotball sitt VM-arrangement Noreg-England i Vognhallen 11. juli.
- Bjørnafjorden kommune løyver kr 75 000,- til ein søkbar pott for frivillige lag og organisasjonar som legg til rette for gratis familiearrangement knytt til Noreg sine kampar i fotball-VM.
Samla løyving kr 175 000,- blir finansiert frå Formannskapets disposisjonsfond.
Vedtaket blir referert i Bjørnafjorden formannskap sitt første møte etter sommarferien, 3. september 2026.
Frivillige lag og organisasjonar som har arrangert, eller planlegg å arrangere, gratis lågterskelarrangement med visning av Noreg sin kampar i VM, kan søkje om tilskot ved å sende ein enkel søknad til Bjørnafjorden kommune v/ordførar Terje Søviknes på e-post tes@bjornafjorden.kommune.no
Søknaden må innehalde kortfatta informasjon om arrangør, stad for arrangement, kor mange deltakarar ein har hatt eller forventar, samt kontonummer for utbetaling.