Kommunalsjef for helse og velferd Monica Totland Melvold har tru på at sosial resept kan vere eit godt tiltak for å førebygge einsemd.
Mari Lyssand / Bjørnafjorden kommune
Sosial resept
- Målgruppa for sosial resept er personar fra 18 år som opplever einsemd og/eller utanforskap. Dei kan få ei henvising på sosial resept frå fastlegen eller anna helsepersonell som er med i pilotprosjektet.
- Personen som er henvist, møter ein frivillig i Røde Kors ein gong i veka i 12 veker. I løpet av denne perioden blir deltakaren introdusert for ulike aktivitetar i lokalsamfunnet.
- Høgskulen på Vestlandet (HVL) undersøker effekten av prosjektet, og er med på å tilpasse sosial resept til norske forhold.
- Røde Kors og HVL har søkt om midlar til å utvide prosjektet med to kommunar, og har invitert Bjørnafjorden med.
- Les meir her: Sosial resept - Røde Kors
Sosial resept begynte i England, der tilbodet er blitt ein integrert del av helsevesenet. I dag er ordninga innført i meir enn 30 land.
Oppfølging i 12 veker
Hordaland Røde Kors starta pilotprosjektet i 2024 i samarbeid med Bergen kommune og Høgskulen på Vestlandet (HVL). Som eit supplement til oppfølging i helsevesenet kan fastlegar skrive ut ein sosial resept til pasientar dei meiner kan ha nytte av det.
Resepten går til Røde Kors, som koplar pasienten med ein frivillig. Over ein periode på 12 veker får deltakaren hjelp av den frivillige til å kome i gang med aktivitet i regi av lag og organisasjonar i lokalsamfunnet. Etter dei 12 vekene er målet at deltakaren kan halde fram med aktiviteten på eiga hand.
Har tru på opplegget
- Einsemd er eit aukande folkehelseproblem som helsetenesta ikkje klarer å handtere godt nok sjølv. Vi anerkjenner arbeidet som Hordaland Røde Kors har gjort med innføring av sosial resept, og er veldig positive til eit samarbeid med Røde Kors om dette tiltaket, heiter det i intensjonsbrevet frå Bjørnafjorden kommune, signert kommunalsjef for Helse og velferd Monica Totland Melvold.
Kryssar fingrane
Røde Kors og HVL har nyleg søkt om nasjonale midlar for å kunne utvide pilotprosjektet til to kommunar nær Bergen. Bjørnafjorden kommune er invitert til å bli med som ein av pilotkommunane.
Kommuneorverlege Klaus Melf er udelt positiv. - Sosial resept passer veldig bra inn under den heilskaplege innsatstrappa, både som tiltak mot einsemd og utanforskap, og som samarbeidsprosjekt med frivillige organisasjonar.
- No kryssar vi fingrane for at Røde Kors og HVL får midlane dei har søkt om, slik at utvidinga av pilotprosjektet blir ein realitet, og at Bjørnafjorden kan prøve ut sosial resept, seier kommunalsjef Monica Totland Melvold.