BUA Eikelandsosen opnar i nye lokale

Onsdag 26. november klokka 15 opnar BUA Eikelandsosen i Fjorden arena. Vinterutstyret er henta fram, vi er klare for ny sesong! Velkommen innom!

bua.no

BUA står for “barn, unge, aktivitet”. BUA har utlånspunkt over heile landet, og er ein ideell organisasjon med mål om å gjere det enklare for spesielt barn og unge å låne utstyr til fysisk aktivitet, som sport, leik og friluftsliv.

BUA fungerer som et «utstyrsbibliotek» der både store og små kan låne utstyr heilt gratis i ei veke. BUA er først og fremst meint for barn og unge, men alle som har adresse i Norge og norsk mobilnummer, kan opprette profil i BUA og låne utstyr.

  • Opningstid i BUA Eikelandsosen fram til jul: onsdag klokka 14.30-17. 

Her kan du sjå kva du kan låne hos BUA Eikelandsosen

NB! BUA Os er stengt for sensongbyte, og opnar måndag 1. desember. Opningstidene til BUA Os er måndag klokka 15-17.30 og torsdag klokka 17-19.