
Saka blei behandla etter fleire saker som hadde skapt tidvis ampert ordskifte i kommunestyret. Ordføraren innleidde med å seia at fleire kanskje burde ha lese valløftet høgt før møtet. Fleire representantar var einige i at saka gjerne kunne ha vore behandla først, som eit felles grunnlag for ein respektfull og sakleg debatt før dei meir krevjande sakene kom opp.
Ansvar for eigne kommentarfelt
Frå talarstolen blei representantane òg oppmoda om å ta ansvar for eigne kommentarfelt i valkampen. Mykje av den politiske debatten skjer i sosiale medium, og folkevalde har eit særleg ansvar for å bidra til ein sakleg tone – også når ordskiftet går føre seg utanfor kommunestyresalen.
Nei til hets, mobbing, trakassering og personangrep
Gjennom valløftet seier folkevalde ja til openheit, kunnskap og faktabaserte debattar med god meiningsbryting, og nei til hets, mobbing, trakassering og personangrep. Dei seier òg at dei vil arbeida aktivt for at flest mogleg brukar stemmeretten sin, at alle stemmer kan bli høyrde, og for større tillit mellom innbyggjarar og folkevalde.
Sjølv om temperaturen i møtet til tider var høg, var det inga usemje om sjølve valløftet. Kommunestyret slutta seg samrøystes til løftet.
Her kan du lesa kva politikarane har forplikta seg til ved å vedta valløftet 2027
Ta debatten lokalt og vedta KS' valgløfte - Hjem