Endra gå- og køyremønster langs Byvegen

I eit par veker framover blir det graving ved Byvegen 2. Både gåande og køyrande får nye trasear medan arbeidet pågår. 

Byggeleiar Odd-Helge Henriksen frå prosjektavdelinga i Bjørnafjorden kommune forklarer at dei skal kopla til ny kum som ligg under parkeringsplassen i Byvegen 2, ved sidan av Det Franske Bakeri. Dei tunge maskinene tar plass, og for å sikre trygg ferdsel må fortauet og ein køyrebane stengast.  

Håpar å vere ferdige til påske

Det blir manuell dirigering på Byvegen på dagtid og lysregulering kveld og helg. 
– Arbeidet er berekna å ta eit par veker. Målet er å bli ferdig til påske, seier Henriksen. 

Berre bussar kan køyre ut i Byvegen ved Lundehjørnet

Medan gravearbeidet pågår er det berre bussane som får køyre ut i Byvegen frå Øyro. Kjem du frå Tunet og Coop Extra Osøyro, må du altså ta til venstre og følge den einvegskøyrde delen av Øyro, rundt Rådhuset og ut over parkeringsplassen, eller du kan køyre ut Landboden. Brugata er ikkje eit alternativ, der er det òg stengt for inn- og utkøyring, på grunn av eit anna graveprosjekt. 

To stengte fotgjengarfelt

Kjem du til fots ned Stegen, langs linjo frå Fjellheim eller på gang- og sykkelvegen frå nord, er det skilta midlertidiig rute til sentrum. Du går bak bygget som no husar Det Franske Bakeri, til midlertidig fortau langs bussparkeringa bort til Os stasjon, og via Essoen til Osøyro. 
Dersom du parkerer ved Fjellheim, er dermed raskaste veg til fots til Osøyro å kryssa Byvegen i det lysregulerte fotgjengarfeltet ved Holtbrekka, og bruke fortauet på austsida av vegen. Då sparer du deg omvegen om Os Stasjon.  

Skilt mot sentrum peikar bak bygget der Det franske bakeri held til.  - Klikk for stort bilete
Midlertidig fortau langs bussparkeringa mellom Circle K-tomta og Os Stasjon - Klikk for stort bilete