I april i fjor blei det vedtatt å omorganisere heimetenestene på Fusa-sida. Tidlegare har heimetenestene her hatt avdeling og oppmøtestad i både Eikelandsosen og på Baldersheim. No blir tenesta samla i Eikelandsosen.
Ny organisering trer i kraft 9. mars 2026.
Ny organisering og ansvarsfordeling:
Heimetenesta Fusa, avdeling 1
- Avdelingsleiar: Gro Elisabeth Almås
Heimetenesta Fusa, avdeling 2
- Avdelingsleiar: Silje Mykkeltvedt
Målet med omorganiseringa er å styrke tenestene våre, og sikre at vi brukar kompetansen og ressursane våre på ein god måte. Omorganiseringa vil først og fremst påverke dei tilsette som tidlegare har tilhøyrt avdelinga på Baldersheim, og som no får oppmøtestad i Eikelandsosen. Alle tilsette i tenesta har fått informasjon om endringane.
Heimetenesta Fusa vil òg få eitt felles telefonnummer frå 9. mars: 56 58 02 34. Dette har aktuelle tenestemottakarar fått informasjon om per brev. Gamle telefonnummer vil vere vidarekopla ei god stund framover.
Tenestemottakarane kan òg kontakte heimetenestene via Innbyggardialog på helsenorge.no