Er du i målgruppa for vaksine mot influensa, korona eller pneumokokksjukdom?

Vaksine mot influensa, korona og pneumokokksjukdom er eit tilbod i vaksenvaksinasjonsprogrammet (VVP)
Årets programvaksine er éin månad forseinka. Haustens vaksenvaksinasjonsprogram startar opp i Bjørnafjorden kommune i veke 46 (midten av november).

Vent med å bestille vaksine til timebøkene er oppdaterte i løpet av oktober. Bestill vaksine i veke 46-49 hos fastlegen din eller på eitt av dei tre apoteka som samarbeider med kommunen om vaksinasjon.

Les meir om vaksinane og korleis du går fram for å bestille

Kva er vaksenvaksinasjonsprogrammet?

Tilhøyrer du utvalde aldersgrupper, vil du få påminning om aktuelle vaksinar på Helsenorge. Copilot/KI

Vaksenvaksinasjonsprogrammet (VVP) er eit tilbod til vaksne og barn som på grunn av alder eller helsetilstand har auka risiko for å bli alvorleg sjuke viss dei får influensa, korona eller pneumokokksjukdom
Kommunane har ansvar for å tilby målgruppa vaksine mot desse sjukdomane.

  • Korona- og influensavaksine er eit tilbod i vaksenvaksinasjonsprogrammet til alle som er 65 år og eldre, i tillegg til vaksne og barn i risikogrupper. 
    • Folkehelseinstituttet si oppdaterte anbefaling er at dei som er 75 år og eldre bør ta koronavaksine, men alle mellom 65-74 år kan få vaksinen gjennom vaksinasjonsprogrammet om dei ønskjer det.
  • Pneumokokkvaksine er eit tilbod i vaksenvaksinasjonsprogrammet det året du fyller 65 år. Det første årskullet som fekk tilbodet, var dei som er fødde i 1960. I år gjeld tilbode for årskullet fødd 1961. Dersom du ikkje nyttar deg av tilbodet det året du fyller 65 år, beheld du retten til å få vaksinen seinare. Dersom du er fødd i 1960 og ikkje tok vaksinen det siste året, kan du ta han i år.

Målet med vaksinasjon er å førebygge sjukdom og dødsfall.

Opne oversikta i pdf (PDF, 75 kB)

Påminning om vaksinasjon

Det er eit mål at flest mogleg veit om tilbodet om vaksinar i vaksenvaksinasjonsprogrammet. Helsemyndigheitene sender derfor påminning til uvaksinerte i dei aktuelle aldersgruppene. Varselet kjem på Helsenorge og du må logge deg inn for å lese varselet. 

Hausten 2026 vil desse tre gruppene få påminning om vaksinasjon:

  • Koronavaksine: 75 år og eldre (påminninga går ikkje ut til alle over 65 år fordi Folkehelseinstituttet si oppdaterte anbefaling gjeld frå og med 75 år) 
  • Influensavaksine: 65 år og eldre 
  • Pneumokokkvaksine: fødde i 1960

Påminninga er automatisk laga og basert på opplysningar om manglande vaksinasjonar i nasjonalt vaksinasjonsregister SYSVAK. Det er ingen personar som ser opplysningar om deg.