Denne gjengen representerte Bjørnafjorden på UKM fylkesfestival i Åsane i 2025.
Grete Byrkjeland
Kva kan du vise fram?
Alt mogleg (nesten)! Du kan delta med musikk, dans, teater, cosplay, kunst, film, foto, rigg, lys, lyd, programleiar, backstage, produksjon – eller noko anna du brenn for. Du kan bidra på/rundt/bak scena, eller delta som konferansier eller arrangør.
Tre dagar i Førde i april
Det blir ikkje lokal UKM-festival i Bjørnafjorden i år, men vi vil likevel sende deltakarar til fylkesfestivalen i Førde 24.-26. april 2026. Unikultur, i samarbeid med Bjørnafjorden kommune, inviterer ungdom mellom 13 og 20 år som ønsker å delta på fylkesfestivalen om å melde seg via UKM.no.
Påmeldingsfristen er 1.mars.
Eit utval skal vurdere alle påmelde innslag og velje ut deltakarar til å fylle Bjørnafjorden sine ti plassar på fylkesfestivalen. Grunnlag for vurdering er mangfald av ulike uttrykk. Dei som får plass blir kontakta kort tid etter fristen.
Har du spørsmål om korleis det er å delta på UKM fylkesfestival? Kontakt Magnus Godøy, leiar i Unikultur, på telefon 90015801 eller e-post.
Kven kan delta på UKM?
UKM er for aldersgruppa 13 til 20 år, frå og med det året du fyller 13 til og med det året du fyller 20. Merk: For konferansierar og arrangørar er aldersgrensa 15-20 år.
Blir du med?