Mine, dine, våre barn. Lange og travle arbeidsdagar. Dårleg helse. Krevjande omsorgsoppgåver. Svangerskap og barsel. Familielivet byr på mange utfordringar, og det kan vere svært krevjande å få kvardagen til å gå rundt. Mange barn og unge slit når rammene er usikre og lite føreseielege. Nettopp her kjem familieråd inn.
-
Familieråd er eit gratis kommunalt tilbod til barn, unge og familiar som av ulike årsaker er i ein vanskeleg situasjon, og som treng løysingar på små og store utfordringar for å få kvardagen til å fungere.
Hjelp frå nettverket kan få bitane til å falle på plass og gi familien eit heilt nødvendig pusterom.Ein kvardag som fungerer
– Ideen bak familieråd er å mobilisere nettverket rundt barnet og familien, og få alle på “laget rundt barnet” på banen. Utgangspunktet er spørsmålet kva treng barnet for å ha ein best mogleg kvardag? Vi tenker gjerne at alle rundt oss er travle og har nok med sitt. Men det viser seg svært ofte at dei rundt oss bryr seg, og gjerne hjelper om dei får moglegheita. Familierådsmøte er nettopp ei slik moglegheit. Nettverket ditt fungerer ekstra godt når det blir sett i system, seier Rastum.
Gode idear og løysingar
– Saman med barnet og familien kartlegg vi personar i nettverket som kan vere med og bidra med gode idear, løysingar og praktisk hjelp og til saman utgjere eit familieråd. Deltakarane i familierådet kan vere slekt, venner, naboar eller andre, fortel Rastum.
Her og no - og vegen vidare
– Vi lagar ei situasjonsskildring og nokre spørsmål som familierådet skal finne løysingar på. Familierådet kjem så saman til eit møte, kor fokus er å finne løysingar og lage ein handlingsplan. Vi fokuserer på her og no. Kva som har skjedd tidlegare eller eventuelle konfliktar er ikkje tema for møtet – berre korleis vi kan finne best moglege løysingar, seier Rastum.
Små og store ting
Målet for familierådsmøtet er å saman komme fram til ein god og haldbar plan som skal gjere livssituasjonen betre for familien – og spesielt for barnet eller ungdommen.
Dette kan vere små, praktiske ting, som kven som kan hente på trening kvar torsdag eller kven kan hjelpe med matteleksene. Det kan òg vere andre og større ting som ein treng å finne løysing på for at kvardagen skal gå i hop, og livet bli litt enklare og meir føreseieleg for barnet.
Fagansvarleg for familieråd-tilbodet i Familiens hus, Emilie Rastum.
Ragnhild Stende Bjaadal
Nøytral tilretteleggar
Kvart familieråd får tildelt ein familierådskoordinator. Familierådskoordinatoren er ein nøytral tilretteleggar som hjelper til med alt det praktiske med planlegginga og gjennomføringa av familierådsmøta, og snakkar med alle som er inviterte. Koordinatoren skal ikkje meine noko om utfordringane som blir drøfta eller korleis dei skal løysast - det er familierådet sitt ansvar.
Barnet sin plan
– Familierådsmøtet skal vere ei positiv og trygg oppleving for barnet eller ungdommen. Handlingsplanen er barnet sin plan, og det er løysingar på barnet sine behov som er oppgåva for familierådet, understrekar Rastum.
Har du lyst til å vite meir?
-
Både offentleg tilsette, barnet sjølv eller foreldre kan ta kontakt i samband med familieråd.
Kjenner du nokon som kanskje kunne ha behov for eit familieråd? Eller ønskjer du å høyre meir om tilbodet?
Les meir om familieråd og ta kontakt her