KI-generert illustrasjonKorleis fungerer varslinga?
Varslinga skjer ved at det blir sendt ut SMS til alle mobiltelefonar, og ei automatisert talemelding til dei som berre er registrerte med fasttelefon.
I samband med stenging av vatn, lekkasjar, driftsbrot eller liknande, vil meldinga handle om kva som har skjedd eller kva som skal skje. Systemet fangar opp alle registrerte telefonnummer på eigedomar i det aktuelle området.
Korleis finn kommunen telefonnummeret ditt?
Adressedatabasen som blir nytta under varsling, er ei samanstilling av informasjon frå Folkeregisteret, nummeropplysning frå alle teleoperatørane og informasjon frå GAB-registeret (grunneigedom-, adresse- og bygnings-registeret). Innbyggarar under 16 år ligg ikkje i adressedatabasen, og mottar dermed heller ikkje varsel.
Har du ikkje fått varsel?
Sjekk om du er registrert med rett telefonnummer. Du kan òg registrere deg på ei adresse du ikkje er folkeregistrert på, dersom du for eksempel ønsker å få varsel ved hendingar som gjeld fritidseigedom, hybel eller liknande.
- Er telefonen din registrert på arbeidsgivar?
Dersom telefonen din er registrert på arbeidsgivar, må du sjølv legge telefonnummeret til på den folkeregistrerte adressa di for å få varsling om hendingar på heimeadressa.
- Har du hemmeleg telefonnummer?
Varslingssystemet fangar ikkje automatisk opp personar med hemmeleg nummer. Dersom du har hemmeleg nummer og ønsker varsling, kan du registrere det i databasen. Nummeret ditt vil ikkje vere synleg for andre.
Registrer og endre kontaktinformasjon her
Blir bedrifter og institusjonar varsla?
Adressedatabasen som blir nytta under varsling inneheld òg adresse og telefonnummer til bedrifter, verksemder og institusjonar. For å sikre at meldinga når rett person, tilrår vi bedrifter å legge til telefonnummer og kontaktpersonar i databasen.
Merk at varsel til fasttelefonar skjer via automatisert telefonoppringing. Telefonnummer med automatisk svarteneste eller tasteval for vidarekopling er difor lite eigna som kontaktnummer for næringsverksemd. Dersom verksemda di er registrert med eit slikt nummer, bør nummeret endrast for å sikre at de mottar eventuell varsling.
Varslingssystemet gir tryggleik for verksemda di eller institusjonen din - dersom vi kan nå dykk raskt og effektivt. Pass på at de har registrert riktig kontaktperson.