Fekk 100 000 kroner til FikseBUA

Tidleg torsdag morgon var Maja Holen og Lillian Kvamsøy frå BUA Bjørnafjorden invitert på frukost i byn og fekk overrekt 100 000 kroner frå Sparebankstiftelsen SR-bank. Seinare på dagen kom både banksjef og kommunikasjonssjef på gjenvisitt til BUA Bjørnafjorden.

Banksjef SMB André Herfindal (til v.) og kommunikasjonssjef Vestland Craig Russel Lundervik Bøthun kom på besøk BUA for å sjå kva utstyr som er til utlån, og høyre meir om prosjektleiar Maja Holen og leiar for BUA Bjørnafjorden Lillian Kvamsøy sine planar for FikseBUA. Stine Kobbeltvedt

Prosjektet FikseBUA skal både gi ungdom arbeidstrening og bidra til at utstyret BUA låner ut kan brukast lenger. 
Gåva frå banken gjer at BUA kan kjøpe inn nødvendig verktøy, og kome i gang med prosjekt FikseBUA for alvor.  

Takknemlege for støtta

Maja Holen, prosjektleiar for FikseBUA, og Lillian Kvamsøy, leiar for BUA Bjørnafjorden, er svært glade for gåva frå Sparebankstiftelsen SR-bank. Dei sette ekstra pris på at banksjef SMB André Herfindal og kommunikasjonssjef Vestland Craig Russel Lundervik Bøthun tok turen til BUA i Os næringspark.
- Vi er imponert over at dei kom på besøk for å få vite meir om kva vi held på med. Du får eit heilt anna bilete når du ser alt utstyret med eigne auger, seier Lillian Kvamsøy. 

Prosjektleiar for FikseBUA Maja Holen (til v.) og leiar for BUA Bjørnafjorden Lillan Kvamsøy er svært glade for støtta, og gler seg til å kome i gang for alvor. Stine Kobbeltvedt

Stell og vedlikehald løner seg

Planen er at FikseBUA skal tilby ungdom arbeidstrening i opningstida. I tillegg til at dei får praktisk erfaring ved å reparere og drive vedlikehald, skal ungdommane i FikseBUA låne ut utstyr. 
Regelen er at lånarane skal levere utstyret tilbake tørt og reint, men det hender folk er litt for optimistiske når dei pakkar ned soveposar eller returnerer slalåmstøvlar, og det viser seg at utstyret er fuktig. Kvamsøy er sikker på at ungdommane i FikseBUA blir ein stor ressurs både sommar og vinter, blant anna fordi dei kan hjelpe til og sjekke, lufte og gå over utstyret med ein gong det kjem inn. Det kjem vel med, for BUA Bjørnafjorden opna i 2021, altså har mykje av aktivitets- og friluftsutstyret vore mykje i bruk. Utstyr som blir stelt fint med, varer lengre. 

Verktøy og kursing

I tillegg til innkjøp av verktøy, vil FikseBUA bruke litt av gåvepengane til kursing, blant anna for å endå bli betre til å preppe ski og vedlikehalde syklar. 
- Men til større og meir kompliserte reparasjonar er det fint å vite at vi kan få hjelp frå Livskvalitet ski- og sykkelverkstad, seier Kvamsøy. 

Splitter nye syklar 

BUA Bjørnafjorden utvider stadig utstyrsparken sin. Nyleg investerte dei i fleire syklar, og dei er etterspurde. Torsdag var åtte av 11 syklar utlånt. Det lover bra for sommaren. 

Årets gåvemottakarar i Vestland var invitert til Bergen og frukost i banken på torsdag. Morten Sæle