Fire nye fastlegar og full drift ved Osøyro legesenter

Denne veka startar fire nye fastlegar opp i dei lyse, fine lokala til Osøyro legesenter. Legesenteret har overtatt pasientlistene frå Sjøkanten legesenter, som betyr at mange pasientar i Bjørnafjorden no endeleg får ein fast fastlege etter lang tid med vikarar.

Fire nye fastlegar, f. v. Cecilia Kvamme, Yulia Panina, Anna-Maria Bonnevie og Charlotte Bye. Desiree Lange

– Dette er ein ny start for både oss og pasientane, seier fastlege Anna-Maria Bonnevie. Saman med Cecilia Kvamme, Charlotte Bye og Yulia Panina, skal ho bemanne det temmeleg nye legesenteret.

Osøyro legesenter vil bli drifta som eit kommunalt legekontor dei to første åra. Det betyr at det i tillegg til vanleg fastlegepraksis, vil vere kommunen sitt legekontor for flyktningar og andre som ikkje har fastlege. Tre av legane vil òg vere tilknytta helsestasjon for barn.

Ledig kapasitet hos mange fastlegar

– Det er godt å vere “ordentleg” i gang ved Osøyro legesenter. Vi er veldig fornøgde med å ha tilsett flinke og erfarne fastlegar.  Alle dei fire har ledig kapasitet på listene sine, seier avdelingsleiar for legetenester i Bjørnafjorden kommune, Desirée Lange.
I tillegg til dei fire ved Osøyro legesenter, kjem to nye fastlegar ved Flåten legesenter og auka kapasitet ved Moberg legesenter. Kort oppsummert betyr det at alle bjørnafjordingar som ønskjer det, skal kunne velje fastlege i kommunen. Det skal òg vere enklare å bytte lege ved behov.

Helsenorge: Her bytter du fastlege 

Frå Sjøkanten legekontor til Osøyro legesenter

Tidlegare i år blei fastlegeheimlane som var knytta til Sjøkanten legesenter, flytta til Osøyro legesenter. Om du tidlegare hadde fastlege ved Sjøkanten legesenter, har du no fastlege ved Osøyro legesenter. Du vil få melding frå Helfo om kven som er din nye fastlege, og treng ikkje gjere noko sjølv.

Godt med plass og stabilitet

F.v. Desiree Lange, avdelingsleiar for legetenester, Mariann Nordvik, helsesekretær, Anette Bøe, sekretær og Anne-Linn Hansen, helsesekretær. Ragnhild Stende Bjaadal

– Vi gler oss over å vere på plass i nye, fine og store lokale. Vi har faktisk gått frå 90 m2 på Sjøkanten til 500 m2 her i Brugata 50! Men aller mest gler vi oss over å endeleg kunne gi pasientane våre stabilitet etter lang tid med mange vikarar. Vi har hatt mange flotte og flinke vikarlegar, men det er jo likevel noko anna å ha ein lege som blir kjend med deg over tid. Det kjennest godt at vi no har fire permanente fastlegar på plass, seier helsesekretær Anne-Linn Hansen, som saman med helsesekretær Mariann Nordvik og sekretær Anette Bøe, følgte med frå praksisen ved Sjøkanten legesenter.

Inn ei dør og opp ei trapp finn du Osøyro legesenter. Ragnhild Stende Bjaadal