
Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI) har bede kommunen ta imot 50 flyktningar i år. Grunngjevinga for å ta imot halvparten er at det er vanskeleg å finne bustad til fleire, og det er andre grupper som også treng tilrettelagde bustadar. Kommunen er dessutan i ein krevjande økonomisk situasjon.
Positive til Bjørnafjorden kulturråd
Kommunestyret skal behandle eit forslag om å løyve 30.000 i driftstilskot til Bjørnafjorden kulturråd, som blei oppretta i september i fjor. Kulturrådet er eit samarbeidsorgan for frivillige organisasjonar og skal vere eit forum som kan representere og arbeide for dei mange kulturorganisasjonane i kommunen.
Skal vedta forskrift om elsparkesyklar
Kommunestyret skal vedta ei forskrift om utleige av små elektriske køyretøy på offentleg grunn i Bjørnafjorden kommune. Formålet med forskrifta er å regulere utleige for å sikre tryggleik, framkome og eit godt lokalmiljø og inneber at kommunen får heimel til å stilla krav til løyve, tal på køyretøy, opprydding og regulering av soner.
Forskrifta inneber også at kommunen kan krevje betaling frå utleigefirmaa for utgifter som kommunen har til dømes i tilfelle der kommunen må fjerne eller ta i forvaring små elektriske køyretøy som er feilplasserte og som ikkje blir rydda av eigar.
Slik vil dei bruke prosjektmidlar frå Miljøløftet
Bjørnafjorden kommune har til rådvelde i alt 17,8 millionar kroner til å gjennomføre prosjekt knytt til Miljøløftet i 2026. Kommunestyret skal behandle ei sak om korleis pengane blir brukt. Statsbudsjettet har løyvd 4,1 millionar til Ferstadvegen, 10,5 millionar til Snarvegar Osøyro og 3,2 millionar til Sykkelparkering.
Dei to siste beløpa er sokalla pottar som kommunen kan disponere til fleire enkelttiltak. Kommunestyret kan prioritere kva midlane til Snarvegar Osøyro og Sykkelparkering kan nyttast til.
Vil inngå intensjonsavtale om leige av fallrett
Kommunestyret skal ta stilling til eit forslag om å inngå ein intensjonsavtale med Fossberg Kraft om leige av fallretten i Matlandselva. Dette er basert på tilbod frå Fossberg Kraft AS frå april fjor.
I forslaget ligg at ordførar får fullmakt til å framforhandla og inngå intensjonsavtalen, og det skal gå fram at Fossberg Kraft skal dekkja alle kostnader med ny konsesjonssøknad. Den må ta høgde for mogleg framtidig vassforsyning frå Hafskorvatnet.
Vil bygge bustader i Varåsen
Ein reguleringsplan for Flåten–Varåsen kjem til behandling i kommunestyret. Planen legg til rette for ei formålsendring frå offentleg tenesteyting til bustadføremål, og det vil bli etablert totalt 9 nye bueiningar i området.
Planen blir rekna som eit godt fortettingstiltak, og i saka er det sett som positivt at det er ønske om å revitalisere eit område og transformera den eksisterande bygningsmassen. Planområdet og bygg ligg per dags dato ubrukt.
Skal velje talsperson for barn og unge
Plan- og bygningslova krev at Bjørnafjorden kommune har ein barnetalsperson i behandlinga i plan- og byggesaker. Kommunestyret skal behandle eit forslag til instruks for denne representanten, der ansvaret blir lagt til Kultureininga, som har barnefagleg kompetanse og allereie har ansvaret for å koma med planfaglege uttaler etter friluftslova, i idrettssaker og kulturminnesaker.
Får litt meir i statsbudsjettet
Vedtatt statsbudsjett ga Bjørnafjorden kommune gledelege 18 millionar kroner meir enn vedtatt budsjett for 2026. Formannskapet innstiller til kommunestyret å bruke desse pengane mellom anna ved å redusere skatteinntektene med lit over ein million kroner, 800.000 kroner til rettleiing av nyutdanna pedagogar, over 3,6 millionar til Utekontakten, 1,75 millionar til sykkelverkstad/kaffibrenneri/Livskvalitet, og spare nesten 11 millionar til disposisjonsfond.
Skal vedta forskrift om barnehage- og skulerute
Forslag til forskrift om barnehage- og skulerute har vore på høyring, og no skal kommunestyret vedta forskrifta. Forskrifta gir informasjon om kva skule- og feriedagar elevane har skuleåret 2026- 2027. Elevane har rett og plikt til å møte på skulen dei fastsette skuledagane.
Kommunestyret skal også behandle avkastningsrapport for november 2026, komme med innspel til KS sitt debatthefte for 2026, og behandle del 3 av eigarskapsmeldinga, som inneheld eigarstrategi for Oseana kunst- og kultursenter.