Formannskapet behandlar innspel til kommuneplanen sin arealdel (KPA)

I møte torsdag 30. april skal Bjørnafjorden formannskap gå gjennom arealinnspela til KPA. Møtet er ope for alle, men blir ikkje strøyma på Kommune-TV.

Fransisco Munoz / Bjørnafjorden kommune

Frå september 2025 til februar 2026 kunne alle som ville sende innspel til ny arealbruk i Bjørnafjorden. Det kom inn rundt 500 innspel. 

Kva går vidare?

Arealinnspela skal no til politisk behandling i formannskapet. Ut frå ei rekke politisk vedtatte kriterium har administrasjonen gitt råd om kva innspel som bør vere med i den vidare prosessen. 
Ferdig KPA skal vedtas av kommunestyret i 2027. 

Her finn du saka som skal opp i formannskapet. 
Arealinnspela ligg som vedlegg i saka, sortert i mapper etter tema. 

Møtet blir ikkje sendt på Kommune-TV

Møtet i formannskapsalen begynner klokka 9, og er ope for alle interesserte.  

Oppdatert etter møtestart:  
Formannskapet starta møtet med å diskutere om møtet skulle strøymast til Kommune-TV eller ikkje. Utvalet vedtok mot tre stemmer at møtet ikkje skulle strøymast, og sendinga på Kommune-TV blei avslutta før behandlinga av sak 49/2026 Behandling av arealinnspel for kommuneplanen sin arealdel (KPA).