Formannskapet behandlar innspel til kommuneplanen sin arealedel (KPA)

I møte torsdag 30. april skal Bjørnafjorden formannskap gå gjennom arealinnspela til KPA. 

Fransisco Munoz / Bjørnafjorden kommune

Frå september 2025 til februar 2026 kunne alle som ville sende innspel til ny arealbruk i Bjørnafjorden. Arealinnspela skal no til politisk behandling i formannskapet. Ut frå ei rekke politisk vedtatte kriterium har administrasjonen gitt råd om kvart innspel bør vere med i den vidare prosessen eller ikkje. 
Ferdig KPA skal vedtas av kommunestyret i 2027. 

Her finn du saka som skal opp i formannskapet. 
Arealinnspela ligg som vedlegg i saka, sortert i mapper etter tema. 

Møtet i formannskapsalen begynner klokka 9, og er ope for alle interesserte. Det blir ikkje strøyma på Kommune-TV.