FOT vil gå inn frå cirka 5. trinn for å førebygge vidare negativ utvikling og eskalering av problema inn i ungdomsskulealder.
Unsplash
Tidleg inn
– Dette handlar om dei vanskelegaste og mest komplekse sakene. Desse barna og ungdommane slit med fleire ting, og både heime, på skulen og på fritida. Målet er at FOT skal komme inn før utfordringane har blitt for store, seier Hans Michal Drange Blytt, kommunepsykolog og leiar for arbeidsgruppa som utviklar det nye tilbodet i Familiens hus.
Skulekvardagen i sentrum
– Skulen er ein av dei viktigaste arenaene i eit barns liv. For mange betyr skulen trivsel, tryggleik, meistring og fellesskap. Samstundes strevar nokre barn og unge av ulike grunnar med å finne sin plass, og klarer ikkje å ta del i undervisning eller fellesskap på ein god måte. For dei er skulekvardagen ofte utrygg og meiningslaus. FOT skal bidra til at desse barna og ungdommane kjem seg på skulen eller til andre positive, meiningsfylte dagtilbod. Dette kan vere heilt avgjerande for dei som treng det mest, seier Blytt.
Inn på mellomtrinnet
– Vi må komme tidleg inn. Fleire av barneskulane våre rapporterer om 11-12-åringar som utfordrar, testar grenser og opptrer skremmande på skulen. Ungdomsskulane våre brukar store ressursar på elevar som oppheld seg på skulen, men som ikkje er i klasserommet. Manglande meistring, utanforskap og begynnande rus er felles for mange. Når dei søkjer saman med andre i same situasjon, blir det ein vond spiral som gir negative ringverknader for både ungdommen sjølv og heile skulemiljøet.
FOT vil gå inn frå mellomtrinnet, cirka 5. trinn, nettopp for å førebygge vidare negativ utvikling og eskalering av problema inn i ungdomsskulealder, seier Blytt.
Styrke laget rundt barnet
– Skulane jobbar allereie godt med slike utfordringar, men dette tilbodet vil jobbe spesifikt og intensivt med å styrke samarbeidet mellom alle på “laget rundt barnet”, seier Blytt, som har bakgrunn frå Bufetat og behandlingsforma MST, éi av fleire behandlingsformer FOT-tilbodet hentar inspirasjon frå.
I løpet av ei arbeidsveke vil FOT-terapeutane ha fleire treffpunkt med barnet eller ungdommen og familiane dei følgjer opp, i tillegg til tett kontakt med andre sentrale aktørar som til dømes skule, barnevern og/eller psykisk helsevern.
- FOT gir oss eit tilbod i dei vanskelegaste sakene, slik at vi kan førebygge og forhåpentlegvis forhindre til dømes institusjonsplasseringar, seier Hans Michal Drange Blytt, kommunepsykolog og leiar for arbeidsgruppa som jobbar med utforminga av teamet.
Ragnhild Stende Bjaadal/Bjørnafjorden kommune
Stor tru på FOT
Då kommunen, saman med konsulentbyrået Agenda Kaupang, gjekk gjennom det heilskaplege tenestetilbodet i Bjørnafjorden kommune, viste analysane at vi mangla effektive behandlings- og oppfølgingstiltak for nettopp denne gruppa. Dei slit med dei aller tyngste og mest komplekse utfordringane, og er på såkalla raudt nivå.
I desse sakene er “alt anna" prøvd, utan ønskt resultat. Det har for ofte resultert i omsorgsovertaking og plasseringar på institusjon. Institusjonsplassar kostar mykje – både økonomisk og reint menneskeleg.
– Vi har stor tru på denne måten å jobbe på, og ser fram til å starte opp til hausten, seier Blytt.
Fleksibelt oppfølgingsteam (FOT)
Eit nyoppretta tilbod som skal jobbe tett på i heimen, nærmiljøet og skulen med familiar og barn/ungdom (ca. 10-18 år) med alvorlege utfordringar knytt til, t.d. psykisk helse, utagerande åtferd, kriminalitet, vald og rus. Teamet vil vere fleksibelt, og møtepunkt blir lagt til tider som passar for familiane.
Teamet er sett saman av fire terapeutar i 100 prosent stillingar og ein fagleiar med administrativt ansvar.
FOT-tilbodet startar opp frå hausten 2026.
Har du lyst til å jobbe i FOT?
Vi søkjer no etter miljøterapeutar/psykologar til denne nye satsinga.
Har du interesse og engasjement for arbeid med barn, unge og familiar? Her er ei unik moglegheit til å vere med og utvikle eit nytt og spennande tilbod som verkeleg kan gjere ein forskjell.
Sjå full stillingsutlysing
Innsatstrappa i Bjørnafjorden

FOT har utspring i eitt av dei 11 tiltaksområda i Innsatstrappa i Bjørnafjorden.
Innsatstrappa er ein modell som viser tenestene og tilboda i kommunen, organiserte trinnvis etter kor inngripande og ressurskrevjande dei er.
På dei lågaste trinna i trappa finn vi universelle og førebyggande tenester som fremjer helse og deltaking for alle. På dei øvste trinna er dei aller mest inngripande og ressurskrevjande tenestene, som til dømes institusjonsplassar i barnevernet.
Målet med Innsatstrappa-modellen er å løyse utfordringane tidlegast mogleg og på lågast mogleg nivå.
Ved å gå inn tidlegast mogleg, kan vi forhindre at vi må inn med meir inngripande tiltak seinare – og risikere å vere for seint ute.