Frosttapping - freistande, men forbode

Minusgradene har bite seg fast, og det kan verke lurt å la vatnet renne, sånn for sikkerhets skuld. Men nei. Beskjeden frå driftsfolka på VA i kommunen er klinkande klar: Ikkje gjer det. 

Vatn + minusgrader = vakker, men lumsk, kombinasjon

Tidlegare var det vanleg med frosttapping, altså å opne krana bitte litt og la vatnet renne eller dryppe for å unngå at vatnet fraus. I dag er det ikkje lov med frosttapping, fordi det aukar vassforbruket betydeleg i kuldeperiodar. 
Heimelen er punkt 3.8 i abonnementsvilkåra. 

Råd for å unngå frosne røyr 

  • Pass på at temperaturen er over ti grader i rom med røyrledningar. 
  • Lukk vindauge og ventilar i nærleiken av vassrøyr når det er verkeleg kaldt ute, og unngå kald trekk.
  • Skal du vere lenge vekke? Steng stoppekrana, og be nokon sjå til huset ditt innimellom.
  • Tøm og steng vatnet i utekranar før frosten set inn på haust/vinter (litt seint å tenke på det no, men nyttig å hugse til hausten igjen).

Meir langsiktige tips

Fagfolka har òg råd om meir omfattande forholdsreglar som ikkje lar seg ordne raskt i det temperaturen søkk. Her snakkar vi snarare om ting å hugse viss du skal bygge om eller restaurere.

  • Vassrøyr treng god isolering. Unngå å plassere røyr i kalde kjellarar, kalde golv eller i tak/loft der temperaturen kan krype under tre grader.
  • Sørg for at vassleidningar ligg på frostfri djupn og er godt isolert for frost.