-
Varsle vakthavande brannbefal / miljøberedskap på telefon 91568590.
Arkivfoto av friske svaner i Mobergsvika.- Dersom du oppdagar daude villfuglar og mistenker fugleinfluensa, er det viktig at du varslar kommunen, seier kommuneoverlege Klaus Melf.
La sjuke fuglar vere i fred
Ikkje ta på sjuke fuglar. Hald avstand og la dei vere i fred. Du treng ikkje ringe kommunen dersom du ser sjuke fuglar. Dei kan bli friske igjen.
Meld frå viss du finn daude fuglar
Dersom du finn daude villfuglar - først og fremst sjøfugl - meld frå til vakthavande brannbefal på 91568590. Brann og redning har rutinar og utstyr for trygg handtering av daude fuglar.
- Når vi får beskjed om observasjon av daud fugl, kan vi ta oss av fuglen, og samtidig følge med på om smitten flyttar seg i kommunen, seier Melf.
Spørsmål og svar om fugleinfluensa | Mattilsynet
Fugleinfluensa blir jamleg påvist hos ville fuglar fleire stader i Noreg. Risikoen for smitte mellom fugl og menneske er svært lav, men det er viktig å ta forhaldsreglar.
- Dersom du oppdagar sjuk eller daud villfugl og mistenker fugleinfluensa, er det viktig at du ikkje handterer fuglen.
- Hald hundar (og kattar, så langt det lar seg gjere) unna sjuke og daude fuglar.
Har du høner eller annan tamfugl? Sjå Mattilsynet sine råd for å unngå smitte