Gladmelding frå biblioteket: meirope er tilbake!

Lånarar og tilsette har venta i eit halvt år, og no er dagen her. Nye utlånsautomatar er på plass, og biblioteket er igjen sjølvbetent utanom vanleg opningstid. Med lånekortet som nøkkel kan du bruke biblioteket kvar dag mellom klokka 7 og klokka 22. 

Biblioteksjef Kirstine Folmann og Sven Hermansen frå IT-Hjelpa med ein dei nye utlånsautomatane.

Populært tilbod

- No er mange glade! Meirope bibliotek har vore sakna, seier Kirstine Folmann, biblioteksjef i Bjørnafjorden bibliotek. 
- Tilbodet er den ulitmate tillitserklæring mellom kommunen og innbyggarane. Vi inviterer alle inn, og stolar på at dei som brukar biblioteket, anten det er tidlege morgonar, utover kvelden eller i helga, respekterer reglane og fèr fint med både bøkene og rommet.  

Ei påminning

Det var ein skikkeleg nedtur då systemet rauk og dørene stengte i haust. Samtidig har det å vere utan meirope-tilgang gjort både lånarane og alle som jobbar på biblioteket endå meir bevisste på kor populært og viktig meirope er. Lånarane har stadig spurt når tilbodet er tilbake. Familiar har sakna  søndagsføremiddagar i biblioteket med god tid for ungane til å utforska bøkene, alle studentane som brukar biblioteket som lese- og skrivesal og vaksne som stikk innom på kvelden for å bla i aviser og tidsskrift i fred og ro har gledd seg til å få tilgang igjen.    
- På ein måte har det nesten vore litt fint å vere utan meirope ein stund, seier Folmann. - Dei av og til litt usynlege oppgåvene som gjer at ekstra-sørvisen meirope fungerer så godt, utfører dei tilsette i arbeidstida si. No når alle besøk har vore innanfor opningstida, ser lånarane at vi ryddar på plass alt som er levert inn, gjer klart til nye besøk, og finn fram reserverte bøker, blant mykje anna.  

Har lagt til rette 

Stort sett kvar dag har det vore haug i leveringskassen ved inngangen. Det er ei synleg påminning om kor mange som er vane med å stikke innom for å låne eller levere bøker etter opningstid. Dei tilsette har gjort alt dei kan for å vere fleksible. Kvar dag har dei gått ein runde før stengetid og snakka med alle som sit og les eller studerer. Dei som har meirope-kort, har kunna skrive seg på på ei liste og fått lov å bli sittande utover kvelden.  

Men kvifor knelte det gamle systemet?

I november begynte dei gamle utlånsautomatane å hosta. Det viste seg å vere eit IT-problem. Systemet var frå 2015, og programvaren var utdatert og ikkje mogeleg å oppdatere. 

- Grunnen til at det tok tid å få på plass eit nytt system, er at vi måtte vere sikre på at vi kjøpte inn utstyr som både er kompatibelt med noverande infrastruktur, blant anna utlånssystemet vårt, og at vi kan ta meirope og utlånsautomatar med oss, dersom det blir aktuelt å flytte biblioteket. Her har kommuneleiinga tenkt langsiktig, seier Folmann.        

- Suverent samarbeid

Biblioteksjefen understrekar at det hadde ikkje vore mogeleg å få det nye systemet opp å gå utan at IT-avdelinga i kommunen, også kjent som IT-Hjelpa, hadde samarbeidd så godt med leverandøren Biblioteksystemer AS. Utan å bli for teknisk forklarer Sven Hermansen frå IT-hjelpa at dei har lagt til rette med kabling, alarmportar, dørsystem og generell IT-infrastruktur, slik at alt snakkar saman. - Undervegs har vi prøvd å gjenbruke så mykje som mogeleg. Det er både berekraftig og billegare, seier Hermansen. 

Skriv kontrakt, og hugs lånekortet! 

Kirstine Folmann har ei lita påminning til alle som gler seg til å igjen kunne nye freden på biblioteket om kvelden, eller låne bøker saman med heile familien om søndagen: 
- Ta med lånekortet ditt, og hugs pinkoden! Det er nøkkelen utanom opningstid. Viss du ikkje har signert meirope-avtale før, må du kome innom biblioteket i opningstida, så ordnar vi alt. Velkomen skal du vere!  

Slik får du tilgang til meirope bibliotek

Eg har lånekort
Eg har ikkje lånekort