Gravearbeid stenger Brugata i fasar

Bjørnafjorden kommune startar denne veka opp med utbetring og fornying av eksisterande leidningsnett i Brugata. Dette gjer at Brugata blir stengd for biltrafikk etappevis fram til november. Mjuke trafikantar får passere anleggsområdet.

Bilde av kartet over fasane i arbeidet - Klikk for stort bileteArbeidet startar lengst sør i Brugata

Arbeidet gjeld leidningsnett mellom Torggata (i sør) og inn til Brugata 3. Dette vil medføre ein god del gravearbeid i området, som igjen fører til etappevis stenging av Brugata. Brugata blir ikkje stengd i heile gateløpet, men må dessverre stengjast i ulike etappar / fasar.

Sjå detaljert kart her (PDF, 706 kB)

Området har i dag eit felles leidningsnett for overvatn og spillvatn. Dette har gitt langvarige problem med mykje overvatn i leidningsnett for spillvatn og at ein ved springflo får sjøvatn inn på nettet. Dette skal ein no rydde opp i. Prosjektet vil omfatte separering av overvatn og spillvatn samt fornying av vassleidningar. 

Første fase frå no til april

Første fase er fase 1 langs fylkesvegen og noko inn i Brugata. Deretter vil ein arbeide seg innover i Brugata mot Aktiv365 og til slutt inn til Brugata 3. 

Arbeidet innanfor fase 1 vil starte opp ut i veke 7 med gravearbeid ute i Brugata (mot fylkesvegen) og deretter langs Fylkesvegen mellom Torggata og Brugata. Arbeidet er omfattande og vil ta lang tid. Ein antar at arbeidet på den første strekningen vil vare til ut april og at heile anlegget vil vare ut mot november i år. 

Open for mjuke trafikantar

I anleggsperioden vil Brugata vere stengd der det er anleggsarbeid, men open før og etter anleggsområde. Vedlagt oversikt viser dei ulike fasane når det gjeld stenging av Brugata for biltrafikk. Mjuke trafikantar får passere anleggsområdet.

Sjå vedlegg for dei ulike fasane av arbeidet (PDF, 706 kB)

  1. Anleggsarbeid i område merka fase 1. I denne fasen blir innkøyring til Brugata frå sør stengt. Ein kan elles køyre inn i Brugata frå nord. Ein kan ikkje ha gateparkering langs Brugata innanfor fase 1 i denne perioden
  2. Anleggsarbeid i område merka fase 2. I denne fasen vert innkøyring til Brugata frå sør framleis stengd. Ein kan elles køyre inn i Brugata frå nord. Ein kan ikkje ha gateparkering langs Brugata innanfor fase 1 eller 2 i denne perioden
  3. Anleggsarbeid i område merka fase 3. I denne fasen blir innkøyring til Brugata frå sør opna opp. Ein kan og køyre inn i Brugata frå nord. Ein kan ikkje ha gateparkering langs Brugata innanfor fase 3 i denne perioden
  4. Anleggsarbeid i område merka fase 4. I denne fasen blir innkøyring til Brugata frå nord stengd. Ein kan elles køyre inn i Brugata frå sør. Ein kan ikkje ha gateparkering langs Brugata innanfor fase 4 i denne perioden

Bedrifter som har varelevering vil bli kontakta spesielt slik at ein får til gode løysingar for varelevering mens gata er stengd. 

Utførande røyrleggjar er Hordaland Rørteknikk AS.