Gull til alle i Vinter-OL på Luranetunet

Fredag trassa bebuarar, tilsette og frivillige på Buavdeling 1 og 2 iskald vind og tung snø, og gjennomførte eit strålande vinter-OL til 20 i stil. Kvar og ein fortente medalje, ikkje minst dei tilsette som tok initiativet og la inn ein ekstra innsats i planlegging og gjennomføring. 

OL-komiteen på Luranetunet, Chanett Nyland og Anna Panek, har hatt med seg ein heil haug med entusiastiske OL-funksjonærar for å gjennomføre eit prikkfritt arrangement. Mari Lyssand

- Målet var å skape glede, felleskap og gode opplevingar for alle, seier sjukepleiar Anna Panek og helsefagarbeidar Chanett Nyland. Dei har vore drivkreftene bak OL, frå idé til gjennomføring.  
- Dette arrangementet vaks fram fordi vi har blitt meir bevisste på kor viktig miljøtiltak er. Miljøtiltak er ikkje underhaldning - det er helsehjelp. Vi prøver å få til så mykje som mogleg kvar dag, men nokre tiltak krev ekstra hjelp for at alle skal kunne delta, seier dei. 
Alle har vore positive. Kjøkkenet har bidratt med det som trengst i ein ekte pølsekiosk, tilsette og bebuarar på avdelingane har engasjert seg i førebuingane, blant anna har dei måla startnummer. 

To av fredagens frivillige var Kari (til. v) og Liv. Dei er faste frivillige på høvevis Luraneslåtten og Buavdeling 2. Når det kjem melding om arrangement på Lurantunet som treng ekstra mannskap, melder dei seg gjerne til teneste. Her med avdelingsleiar Vida.

Ros til dei frivillige

Anna, Chanett og avdelingsleiar Vida kan ikkje få skrytt nok av dei frivillige. 
- Dette hadde vi aldri fått til utan innsatsen til dei frivillige. Dei kjem kvinnesterke og rause, og gjer det mogeleg å skape ein dag som bryt opp i kvardagen. Vi melde Os frivilligsentral og spurde om tre-fire frivillige kunne stille, og så melde det seg seks! 

Comeback i langrennsløypa

Legg merke til Svein (91) sitt jakkemerke. Ekte vare.

Svein (91) reiste i årevis Europa rundt og konkurrerte i langrenn for veteranar. Comebacket med skiutstyr frå BUA og norske flagg som løypemerke friska opp gode minne, mellom anna turen til Krasnogorsk ved Moskva, der laget hans slo russarane på heimebane. Vertskapet tok det pent.
 - Deltakarane frå alle nasjonar vi konkurrerte mot var hyggjelge menneske, understrekar Svein. 
Fredag konkurrerte han i all venskapelegheit med Hilde. 
- Eg trur eg var rundt seks år sist eg hadde ski på beina, smiler Hilde. Desto meir sporty å stille på startstreken i OL på heimebane. 

Bordgalopp, jubel og takk til alle 

Etter langrenn og slalåm med både rullestolar og stavar følgte innandørsøvingar. Jubelen stod i taket for hesteløp på dorullar og sitjande sprint med avsipapir. Så blei det høgtideleg utdeling av medaljar, og tale ved avdelingsleiar for Buavdeling 1 og 2, Vida Kripaityte-Helland.
- Tusen takk til bebuarane. De er ekte gullmedaljevinnarar alle saman. Eg er så stolt. Dagar som dette skapar glede, fellesskap og gode opplevingar, sa ho, og framheva Anna og Chanett sitt initiativ, og entusiasmen frå alle tilsette. 
- Det er inspirerande å sjå engasjementet og den felles stoltheten over det vi får til saman. 

Felles glede 

Luranetunet sin eigen olympiske komité Anna og Chanett var heilt samstemte.
- Det aller viktigaste er den den gode energien OL har skapt, og så mykje felles glede på avdelingane. 
Etter det vellukka OL-arrangement var dei litt utlada, veldig nøgde, og einige med avdelingsleiar Vida i at dette må dei gjere igjen. Faktisk har duoen alt begynt å tenke på kva dei kan gjere endå lurare neste gong. - Kanskje kan vi får nokre sponsorar, viss vi er tidleg ute? undrast dei to.

- Heilt fornøyeleg

Berit - begeistra bebuar, og no også OL-medaljør, sa det alle såg ut til å tenke:  
- Dette har vore heilt fornøyeleg! Eg vil verkeleg takke dei for at dei fekk til dette.