Har du forslag til program til Den kulturelle spaserstokken?
Profesjonelle utøvarar kan no sende programforslag til Den kulturelle spaserstokken (DKSS) i Bjørnafjorden kommune. Fristen er 15. oktober.
Fransisco Munoz / Bjørnafjorden kommune
Bjørnafjorden kommune arrangerer konsertar og kulturopplevingar for godt vaksne bjørnafjordingar både i og utanfor institusjonane våre. Driv du profesjonelt med formidling av kunst og kultur, og ønskjer å vere ein del av Den kulturelle spaserstokken i Bjørnafjorden? Send oss eit forslag til program!
Les meir om korleis du melder inn forslag, og om honorar og betingelsar.
Det er Kultureininga som koordinerer arbeidet med "Den kulturelle spaserstokken" i Bjørnafjorden kommune.
Har du spørsmål? Kontakt rådgivar Grete Byrkjeland på e-post.
Fristen er 15. oktober.
Sist endra 22.09.2026 10:01