Har du sendt innspel til KPA? Fristen nærmar seg

Fristen for å sende innspel til kommuneplanen sin arealdel (KPA) er 15. februar. Så langt er det kome inn 59 innspel. Planavdelinga vil gjerne ha endå fleire. Har du forslag til arealbruk i kommunen vår? Send inn i dag! 

Fransisco Munoz / Bjørnafjorden kommune

Endra avstand til 2 kilometer

Planprogrammet for KPA (PDF, 2 MB) blei einstemmig godkjent av kommunestyret 18. desember. Planprogrammet er “oppskrifta” på korleis arbeidet med arealdel for heile kommunen skal gjennomførast.  

Før politikarane godkjente planprogrammet, gjorde dei ei endring under punktet “bustader”. Opprinneleg forslag var at folk kunne foreslå nye bustadområde på areal som ligg maks 1,5 kilometer frå sentrumskjernen i definerte sentra, nært tenestetilbod og langs kollektivaksen Eikelandsosen – Venjaneset. Her utvida kommunestyret maks avstand frå 1,5 til 2 kilometer frå sentrumskjernen. 

Bustad, næring, natur og folkehelse

Dei som jobbar med planen vil gjerne ha fleire innspel om nye bustadområde i Bjørnafjorden aust (gamle Fusa), og forslag til mogelege næringsareal i heile kommunen. Dei oppfordrar samtidig alle til å sende inn arealinnspel som er positive for naturen og/eller folkehelsa. 
 
Dei 59 innspela som alt er komne inn, fordeler seg nokså jamt mellom dei ulike kategoriane. 
Fristen for å sende arealinnspel er 15. februar 2026, men dersom du har meiningar du vil dele med oss, er det ingen grunn til å vente. 

Dette er dei ulike areal-kategoriane du kan sende innspel om

Bustader
Næring
Område for offentlege føremål
Hamneområde framfor eksisterande naustområde
Havbruk
Område for naturmangfald, idrett, friluftsliv eller likanande
"Planvask" - utbyggingsområde som ikkje lenger er aktuelle
Justering av feil eller unøyaktigheiter i plankartet

Send innspel