Her er det nye ungdomsrådet: Frå venstre Annie Sofie Ask, Benjamin Martin Aase, Adrian Karlsen, Hanna Viktoria Bjøntegaard, Mathilde Eikeland Gjøen, Aurora Isabell Naustdal Sjøbø, Ella Christiansdotter Epland og Magnus Haldorsen Bakke. Fredrik Strønen Sperrevik var ikkje til stades då bildet blei tatt.
Elisabeth Farstad
Ungdomsrådet består av ni representantar og veljast kvart andre år. Det nye rådet har sju nye representantar og to som har vore vara i ungdomsrådet frå før.
Tidlegare leiar og nestleiar i ungdomsrådet Mathilde Nonås hadde ei orientering for ungdomsrådet om kva det inneber å delta.
Leiar og nestleiar
Første sak på dagsorden var å konstituere seg, og Aurora Isabell Naustdal Sjøbø, som tidlegare var varamedlem i ungdomsrådet, blei valt til leiar. Ho er sokalla fri representant. Nestleiar blei Mathilde Eikeland Gjøen frå Fusa vidaregåande skule.
- Det blir spennande å vere i ungdomsrådet, og eg ser fram til å dykke litt djupare ned i det som skjer i kommunen, og ikkje minst å påverke det som angår ungdom, seier nyvald leiar Sjøbø.
Her er sakene ungdomsrådet behandla i møtet 28. november: Møteplan - Bjørnafjorden kommune
Dette er det nye ungdomsrådet
- Leiar Aurora Isabell Naustdal Sjøbø, fri representant
- Nestleiar Mathilde Eikeland Gjøen, Fusa vidaregåande skule
- Adrian Karlsen, Os ungdomsskule
- Annie Sofie Ask, Os gymnas
- Benjamin Martin Aase, fri representant
- Ella Christiansdotter Epland, Fusa ungdomsskule
- Fredrik Strønen Sperrevik, Os vidaregåande skule
- Hanna Viktoria Bjøntegaard, Kongshaug musikkgymnas
- Magnus Haldorsen Bakke, Nore neset ungdomsskule