Invitasjon til temakveld om gås, forvaltning og jakt Bjørnafjorden, Tysnes og Samnanger

Landbrukskontoret i Bjørnafjorden og Os Bondelag har gleda av å invitera til temakveld om gås, forvaltning og jakt.

Kvelden er open for jegerar, grunneigarar, bønder og andre interesserte som ønskjer meir kunnskap om korleis vi kan handtera utfordringane knytte til aukande gåsebestandar – og samstundes leggja til rette for ei berekraftig og godt organisert jakt.

  • 📅 Tid og stad

    Torsdag 26. mars 2026 kl. 20.00 – 21.30
    Os biblioteket, Holtbrekka 7

Vi har forsøkt å leggje møtet til rette slik at dei som kjem frå Tysnes med ferje, skal få med seg det faglege programmet før dei må reise attende.
Det faglege programmet varer i om lag éin time, med høve til spørsmål og samtale i etterkant. 

Vi er svært glade for å få besøk av Ove Martin Gundersen, prosjektleiar i Norges Bondelags gåseprosjekt.

Gåseprosjektet arbeider med å redusere konfliktane mellom gjess og landbruk, mellom anna gjennom organisering og tilrettelegging for jakt på gjess. Gundersen er òg Bondelaget sin representant i arbeidet med dei europeiske gåseforvaltningsplanane. Han har brei praktisk erfaring med gåsejakt og tilrettelegging, og har peika på korleis betre organisering av jakta kan gi større uttak av gjess i område med konflikt mellom landbruk og vilt.

Tema for kvelden

  • Kort innføring i gjess og biologi
  • Forvaltning – frå internasjonalt til lokalt nivå
  • Landbruket sine utfordringar og kva verktøy som finst i verktøykassa
  • Jakt og organisering
  • Jegerrolla, kompetanse og aktuelle kurs/opplæring

Praktisk informasjon

Arrangementet er gratis.
Det vert enkel servering med kaffi og kjeks/frukt.

Av omsyn til servering og plass ber vi om påmelding via lenkja: Trykk her. 

Vel møtt til ein lærerik og aktuell kveld!