KKL på Framo-synfaring

Kommunal kriseleiing (KKL), med ordførar og kommunedirektør i spissen, var måndag på besøk hos den største bedrifta i Bjørnafjorden kommune, Framo Fusa.

Olav Pedersen hos Framo Fusa har omvisning ved ISPS-hamna på Venjaneset. Ragnhild Stende Bjaadal, Bjørnafjorden kommune

Framo Fusa er verdsleiande innan produksjon av pumpesystem til skip, og har eiga internasjonal hamn, industrivern og brannstasjon.
KKL fekk informasjon om korleis Framo jobbar med beredskap, risiko og sårbarheiter, i tillegg til omvisning i verkstaden og produksjonshallane.

Visste du at 10 % av all norsk eksport til Kina går ut frå Framo-kaien på Venjaneset? Ragnhild Stende Bjaadal, Bjørnafjorden kommune


– Framo er ei hjørnesteinsbedrift som driv imponerande godt, og det er betryggande å sjå korleis dei jobbar med industrivern og sikkerheit. Det er fantastisk å sjå aktiviteten på Venjaneset – og spesielt kjekt å sjå alle dei unge tilsette og lærlingane som vel industrifag, seier ordførar Terje Søviknes.

Til og frå Venjaneset fekk KKL besøke brua på M/F Årdal og omvisning i batterirommet på ferja.

Til og frå Venjaneset fekk KKL informasjon om beredskapsrutinane ombord M/F Årdal. Ragnhild Stende Bjaadal, Bjørnafjorden kommune