Unsplash
Saka omfattar hovudsakleg tenester som krev søknad og vedtak og som ligg under forvaltning og bustadkontor, men nokre lågterskeltenester er også inkludert. Det gjeld mellom anna tenester knytt til psykisk helse og rus og det som kjem under demenskoordinatoren.
Tenester i NAV, ergo- og fysioterapitenester, oppvekst sine helsetenester og parkeringsløyve og følgjekort er ikkje omfatta av tildelingskriteria i denne saka.
Vil tillate sein alkoholservering i samband med fotball-VM
Kommunestyret skal ta stilling til eit forslag om midlertidige endringar i Retningslinjer for sals- og skjenkeløyve i kommunen, slik at utestadar kan servere alkohol seinare enn vanleg i dei kveldane og nettene Norge speler kamp i fotball-VM i sommar. Endringa skal gjelde for perioden 11. juni til 19. juli 2026, og formannskapet innstiller på å vedta dette.
Vil redusere tilknytingsgebyr frå 2027
Det kjem tre ulike saker om gebyr til behandling i kommunestyret. Den eine gjeld ein reduksjon for tilkoplingsgebyr på 10 prosent for 2027. Areal knytt til parkering blir ikkje rekna med i gebyrgrunnlaget.
Den andre gjeld gebyr for å drive utleige av små elektriske køyretøy på offentleg grunn i Bjørnafjorden kommune, og saka legg opp til eit årleg gebyr på 72.000 kroner for dette. Det kan også bli tillegg dersom det kjem fleire elsparkesyklar, og det blir gebyr for fjerning og forvaring av desse syklane.
BIR har fremma forslag om å harmonisere renovasjonsgebyr for lukeopningar, og formannskapet innstiller på at gebyret per lukeopning blir redusert til det halve, frå 22,50 kroner til 11,25 kroner per lukeopning. Endringa skal gjelde frå 1. januar i år og blir gjort for å ha like gebyr som mellom andre Askøy og Samnanger kommunar.
Vil sikre økonomien
Kommunestyret skal behandle ei rekke saker knytt til kommunens økonomi:
- Avkastningsrapport for februar og mars
Avkastninga i februar var på 2,3 millionar kroner; i mars på -2,1 millionar. - Justering av grunnkapitalen
Forslag om å styrke grunnkapitalen med i alt 18,4 millionar kroner - Finansrapport og styrking av Bufferfond finans
Forslag om å auke Bufferfondet med oppunder 4,4 millionar slik at fondet er på totalt 40 millionar kroner - Tilbakemelding frå statsforvaltaren om budsjett og økonomiplan for 2026-2029
Statsforvaltaren er tilfreds med at det var positivt rekneskapsresultat i 2026 og at kommunen budsjetterer konservativt med inntekter frå Havbruksfondet og gir melding om at budsjettdokumentasjonen som vanleg er utfyllande og god.
Er invitert til forsvarssamarbeid
Vestland fylkesting oppretta i fjor haust Forsvarsforum Vestland Interkommunalt politisk råd (IPR) for å styrke samhandlinga i fylket i saker som gjeld forsvar og beredskap. Kommunaldirektøren foreslår at Bjørnafjorden takkar ja til å delta i dette samarbeidet. Det vil innebere at ordføraren blir kommunen sin representant, med varaordførar som vararepresentant.
Kommunestyret skal også behandle Bjørnafjorden ungdomsråd sin handlingsplan og årsrapport og ta stilling til ein søknad om fritak frå politiske verv.
Her kan du lese alle sakene som kjem til behandling
Du kan følge med på behandlinga på Kommune-TV