KONG HARALD I BJØRNAFJORDEN: I september 2001 var det konsert på Lysøen del av 30-årsfeiringa til prinsesse Märtha Louise. Frå venstre dagleg leiar Berit Høgheim og styreleiar ved Museet Lysøen Egil O. Laastad, prinsesse Märtha Louise, kong Harald, kronprins Haakon, kronprinsesse Mette-Marit og dronning Sonja.
Kenneth Svenningsen / Os&Fusaposten
Bjørnafjorden kommune flaggar på halv stong i dag. Rektorane ved dei kommunale skulane tar sjølve stilling til korleis dei vil organisere minnemarkering med elevane.
Kondolanseprotokoll
Kondolanseprotokoll blir lagt ut ved dei to biblioteka i Bjørnafjorden frå laurdag 29. august, kl. 10. Alle som ønskjer kan signere protokollen.
Opningstider biblioteket Eikelandsosen:
Tysdagar 10-15
Onsdagar 10-15
Torsdagar 10-19
Laurdagar 10-14
Hovudbiblioteket på Os
Måndagar: 10-15
Tysdagar 12-19
Onsdagar 10-15
Torsdagar 12-19
Fredagar 10-15
Laurdagar 10-14
Ønskjer du å legge ned blomar eller ei helsing?
– Mange kjenner behov for ein stad å legge ned blomar, teikningar, takk og helsingar til kongen og kongefamilien. Dette kan dei gjere ved dei to tusenårsstadane i kommunen: Kyrkjeflaten på Os og Leiro i Eikelandsosen, seier Søviknes.
Ordførar Søviknes legg ned blomar ved tusenårsstaden på Kyrkjeflaten, i samband med HM Kong Harald sin bortgang. Her kan alle som ønskjer legge blomar, teikningar, helsingar og tenne lys.
Ragnhild Stende Bjaadal/Bjørnafjorden kommune
Markering i kyrkjene
Alle kyrkjene i Bjørnafjorden vil ringe med kyrkjeklokkene i éin time frå klokka 12 i dag.
I Os kyrkje vil det vere open kyrkje (stillheit, bøn, lystenning, refleksjon) følgjande tidspunkt gjennom helga:
- Fredag 15.00-18.00
- Laurdag 15.00-18.00
- Søndag 13.00-16.00
I Fusa kyrkje vil det vere open kyrkje følgjande tidspunkt:
- Fredag 15.00-18.00
- Laurdag 15.00-18.00
På søndag blir det markering i samband med gudstenestene i Strandvik kyrkje kl. 11.00 og Sævareid kapell kl. 16.30. Gudstenestene i Os og Nore Neset kyrkjer klokka 11.00 går som planlagt, men òg her vil bortgangen markerast. Sokna vil gjere fortløpande vurdering av behov for å halde kyrkjene opne utover neste veke.
Råd om arrangement
Ordføraren vil gi eit generelt råd om at publikumsarrangement blir avlyst dei næraste dagane, men dette er opp til den enkelte arrangør å ta stilling til. Om ein vel å gjennomføre arrangement, må det skje i verdige former.
Sjå elles rettleiing frå Regjeringa knytt til arrangement og aktivitetar i den nasjonale sørgeperioden fram til Kong Harald er gravlagd: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/veiledning-til-den-nasjonale-sorgeperioden/id3171463/
Bjørnafjorden kommune minnest Kong Harald med stor glede, djup takksemd og respekt for alt han var, sa og gjorde for landet og folket vårt.
Fred over minnet.
Kongen er død, leve kongen. Leve kong Haakon VIII!