
Trafikkprat med alle avgangselevane
- Vi har ikkje brukt sterke verkemiddel og skremsel. Det viktigaste er å få kontakt med elevane og få tatt den viktige praten om gode val i trafikken, seier Knut Vidar Garlid frå Oppvekst i Bjørnafjorden kommune.
Alle tiandeklassane på dei tre ungdomsskulane i kommunen har vore gjennom det same opplegget. Politiet i Kvam/Fusa og Bjørnafjorden deltok på kvar si side av fjorden, dei tre trafikkskulane var med på ein skule kvar, medan Kjell Magne Seim frå Trygg Trafikk og arrangørane frå kommunen var med på alle skulane.
Politiet, Trygg Trafikk og dei lokale køyreskulane er lette å be. Alle fagfolka er einige om at det er både nyttig og viktig å få ungdommane i tale tidleg, og ha tid til å få prata skikkeleg med dei og svare på spørsmål.
Avgangselevane Mira, Lena og Tiril frå tiande trinn på Nore Neset ungdomsskule var einige med leiar for UP i Vestland, Eivind Hellesund, i at trafikkdagen er eit nyttig tiltak.
Elisabeth Strøm-Olsen / Bjørnafjorden kommune.
Reflekterte ungdommar
Etter felles innleiing i klasserommet stod aktørane på kva sine postar i ei trafikkrebusløype og tok i mot elevane gruppevis. Dermed fekk dei prata med alle ungdommane om tema som åtferd i trafikken, haldningar til rus og bilkøyring, fart, og korleis bli ein god sjåfør. Trygg Trafikk, politiet og trafikkskulelærarane melde tilbake om kjekke samtalar med reflekterte elevar. Ungdommane stilte gode spørsmål, løyste oppgåver og diskuterte problemstillingar dei kan møte på når dei etter kvart skal ut i trafikken på eiga hand, nokon av dei ganske snart på lett motorsykkel, og etter kvart dei aller fleste bak rattet i bil.
Årleg opplegg?
Bjørnafjorden kommune har utvikla opplegget saman med politiet og Trygg Trafikk. I år er tredje gong det blir gjennomført, takk vere midlar frå Vestland fylkeskommune. Dei føresette har fått melding via skulane sine informasjonskanalar om at elevane skulle ha trafikkdag. Vi håpar det blir mange gode samtalar rundt kjøkkenborda i sommar om kva det vil seie å vere ein trygg trafikant, med læring for alle. Kanskje ungdommane har fått med seg noko på trafikkdagen som foreldra kan ha nytte av å friske opp? Spør ungdommen din!
SLT-koordinator Elin Tuft, Elisabeth Strøm-Olsen frå Samferdsel og Knut Vidar Garlid frå Oppvekst er kommunen sine representantar i prosjektet. Etter å ha gjennomført trafikkdag på alle tre ungdomsskulane, har dei tru på at det er etablert som fast tradisjon for tiande trinn.
