Frå v.: kultursjef Erik Vangsnes, hornist Håvard Breistein, seglflygar Nikolai Døsen Pontoppidan og ordførar Terje Søviknes.Stipend for framtida
Det er 7. året Bjørnafjorden kommune deler ut kulturstipend. Unge mellom 16 og 26 år kan søka om stipend. Målet med stipendordninga er å stimulera og inspirera til kreativitet, talentutvikling og kulturelt mangfald på heile kultur- og idrettsfeltet. Kulturstipenda skal vera ei framtidsretta kjelde til vidare utvikling og satsing innanfor den omsøkte aktiviteten.
17 søkte
I år kom det inn 17 søknader, frå 11 gutar og 6 jenter. Det er to færre søknadar enn i fjor. Det har vore fordeling på ulike kunstformer innan musikk, scenekunst og fleire idrettsgreiner, og sterke kandidatar til stipenda for 2026. Det er ikkje lett å samanlikna søkarane. Alle er talent på sine respektive område og fortener eit stipend. Med mange ulike kulturformer i søknadsbunken, vil det vera tilsvarande mange måtar å satsa på og utvikla talentet sitt. Karrierevegen for t.d. ein musikar er svært annleis enn for den som vil fram innan ein idrett.
Hornist og seglflygar
Tenesteutvalet gjorde det endelege vedtaket om fordeling av dei to stipenda på 20.000 kroner. Stipendmottakarane i år representerer musikk/valthorn og idrett/seglflyging.
• Håvard Breistein, er 17 år og bur i Os. Spelar valthorn på høgt nivå, deltek i prestisjefulle musikk og orkesterprosjekt i inn og utland.
• Nikolai Døsen Pontoppidan er 21 år og bur i Os. Tredje generasjon seglflygar, deltek på høgt nivå nasjonal og internasjonalt.
Lukke til vidare!
Bjørnafjorden kommune håper stipenda kan bidra til at dei to mottakarane kan satsa vidare og utvikla seg innan sin aktivitet kvar på sitt vis. Bjørnafjorden kommune gratulerer så mykje med stipenda og ønsker lukke til på vegen vidare.