Marmorløva frå Mobergslia til Gamlehaugen
Hugsar du marmorløvestatuen som forsvann sporlaust frå den gamle barneheimen i Mobergslia våren 2022?
Den utgjorde halvparten av ein løve-duo som vakta inngangen til bygget Christian Michelsen fekk oppført i si tid.
No har Bjørnafjorden kommune gitt den attverande marmorløva i jubileumsgåve til Gamlehaugen, ein annan av Michelsen sine eigedomar. Etter å ha ligge på lager sidan dei dramatiske hendingane i 2022, vil løva no vakte den kongelege residensen frå ein sentral plass i parken på Gamlehaugen.

Løva blei avduka fredag 12. desember med ordførar Terje Søviknes og kultursjef Erik Vangsnes til stades på Gamlehaugen. Arrangementet i parken markerte avslutninga på jubileumsåret på Gamlehaugen. I år er det 100 år sidan Christian Michelsen døydde, og Gamlehaugen blei offisiell residens for kongen når han er på Vestlandet.
Marmorløva frå Moberg har god utsikt til den kongelege residensen på Gamlehaugen.
Ordførar Terje Søviknes overrekte jubileumsgåva til Katrine Stura i Statsbygg, som driftar Gamlehaugen.Gamlehaugen er i dag også eit museum som publikum kan besøke, og den flotte parken er open for publikum året rundt. Statsbygg driftar eigedomen.
–Med marmorløva frå Mobergslia er parken ein attraksjon rikare. Gåva fortel noko om dei mange og sterke banda mellom Christian og Benny Michelsen og Os-bygda, seier kultursjef Vangsnes.
Christian Michelsen
-

- Peter Christian Hersleb Kjerschow Michelsen vart fødd 15. mars 1857 i Bergen og døydde 29. juni 1925 på Gamlehaugen i Fana.
- Gift med Johanne Benedicte “Benny” Wallendahl (1861-1910).
- Utdanna jurist, starta si eiga rederiverksemd; ein av pionerane i norsk tankskipsfart.
- Politisk karriere: Var stortingsrepresentant (1892–94, 1904–06), ordførar i Bergen i 1892, og finansminister i 1904–05.
- Statsminister 1905–1907: Leidde Samlingsregjeringa under unionsoppløysinga med Sverige; sentral i Karlstadforhandlingane og 7. juni-vedtaket.
- Testamenterte formuen til å opprette Chr. Michelsens Institutt i 1930.
- Bygde Gamlehaugen som sin private bustad i sveitser/jugendstil rundt 1900, teikna av Jens Z. Monrad Kielland; i dag kongens residens i Bergen.
- Reiste Solstrand Hotel & Bad i sveitserstil ved Bjørnafjorden i 1896.
- Mobergslia: Kjøpte garden Mobergslien i 1902 og bygde sommarhus her i 1916. Eigedomen blei seinare barneheim, som var i fylkeskommunal drift til 1993. Seinare overtok Os kommune eigedomen. Eigedomen vart seld i 2024.
Den gong då: Dei to marmorløvene fekk ligge i fred i Mobergslia i over 100 år, før den eine blei stolen våren 2022. Ho er enno ikkje komen til rette.
Arkivfoto frå kultureininga.
Det er framleis ikkje kjend kva som har skjedd med marmorløva som vart stolen. Kanskje kan ny merksemd bidra til at ho kjem til rette og blir gjenforeint med makkeren sin?
Publisert av Ragnhild Stende Bjaadal
Sist endra 12.12.2025 14:55