
Berre lov å parkere på oppmerka plassar
Nye skilt er kjøpt inn, og når alt er på plass og endringane trer kraft, informerer vi i lokalmedia og her på heimesida. Den viktigaste forandringa i sentrum er at det berre blir lov å parkere der det er merka opp parkeringsplassar og skilta.
Målet er at når oppdateringa er ferdig, skal det bli tryggare for fotgjengarar å bevege seg på Osøyro, og enklare for bilistar å forstå kvar det er lov å parkere og kor lenge. Ein viktig bonus er at utrykningskøyretøy kjem fram. Os sentrumsforening er positiv til at det no blir tydelegare regulering av parkeringa. Dei har venta på det.
Begynner å merke opp i veke 51
Frå 15. desember kan det hende du ser folk frå samferdsleavdelinga med sprayboks i sentrum. Då begynner arbeidet med å merke opp kvar skilta skal stå. Det første som kjem opp, er skilt som markerer parkeringssoner og fartsgrensesoner. Oppgraderinga er i tråd med skiltplanen for Osøyro, som er godkjent av Statens vegvesen.
Ikkje fleire kamerasoner
Det blir ikkje nye soner med kamera og skiltgjenkjenning. Det er berre politiet som skal handheve reglane.