Fransisco Munoz / Bjørnafjorden kommune
Bakgrunnen er at kommunen ventar på nærare avklaringar frå Statsforvaltaren om regelverket på området, då det per i dag ikkje er etablert ei heilt eintydig nasjonal forståing av korleis regelverket skal tolkast. Så lenge saka er til vurdering, vil det ikkje bli sendt ut faktura for tryggleiksalarm.
Endringa påverkar ikkje tenesta, og brukarane vil framleis få same oppfølging og tryggleik som før. Kommunen vil informere så snart avklaringar ligg føre og det er tatt stilling til vidare handtering av eigenbetalinga.
Vi takkar for forståinga.
Bjørnafjorden kommune
v/ Kommunalsjef Helse og Velferd
Monica Totland Melvold