No kan du trygt drikke vatnet frå springen
Kokevarselet for Osøyro og områda rundt er oppheva.
Fransisco Munoz / Bjørnafjorden kommune
Torsdag ettermiddag sende kommunen ut kokevarsel for Os sentrum og områda rundt, etter funn i ein rutineprøve. No er det kome svar på dei nye prøvane. Resultata er heilt fine, utan teikn til forureining. Det er trygt å drikke vatnet, melder driftsavdelinga.
Publisert av Mari Lyssand
Sist endra 18.08.2026 08:57