Formannskapet opnar for at alle i tre veker kan sende innspel om blant anna bruka av areal til turist- og fritidsformål. Biletet er frå Vinnesholmen.
Fransisco Munoz/Bjørnafjorden kommune
Gjekk gjennom innspela
Frå september 2025 til 15. februar 2026 var det fritt fram for å sende innspel til arealbruk i Bjørnafjorden. Administrasjonen har vurdert alle innspel ut frå førehandsbestemte kriterium, og tilrådd kva innspel som blir med vidare i prosessen fram mot ferdig kommuneplan. Formannskapet var samd i dei fleste vurderingane, men gjorde ein del endringar i møtet. Her kan du sjå behandlinga og vedtaket i formannskapet.
Fritids- og turistformål
Planprogrammet for KPA opnar i utgangspunktet ikkje for fritids- og turistformål. Innspel om utleigenaust og -hytter, mikrohytter og liknande retta mot turistmarknaden blei derfor silt ut i første runde. No har politikarane bestemt at innspel i denne kategorien likevel skal vurderast. Her finn du krav til kva som må vere med i innspela, og lenke til innspelskjema.
Råstoffutvinning
Tilsvarande gjeld for innspel på næringsareal for steinbrudd/råstoffutvinning. Formannskapet vedtok å opne for innspel om råstoffutvinning, for å sikre at arealinnspela for desse føremåla blir vurdert i denne KPA-rulleringa. Her finn du krav til kva som må vere med i innspela, og lenke til innspelskjema.
Næring
Politikarane meiner at det i første innspelsrunde kom inn for få forslag til område i Bjørnafjorden der er råd å etablere ny næring. I samband med ny avgrensa høyringsrunde for arealinnspel om fritids- og turistformål og råstoffutvinning, opnar formannskapet derfor for nye innspel om næringsareal.
Sende du arealinnspel om næring innan den opprinnelege fristen 15. februar? Då treng du ikkje sende innspelet ditt inn på nytt.
Vedtok neste rullering
Elles vedtok formannskapet einstemming at kommuneplanen sin arealdel (KPA) skal rullerast på nytt i neste valperiode. Då skal politikarane behandla arealkategoriar som bustad i Bjørnafjorden vest, og fritidsbustad og naust i heile kommunen.
Held fram i mai
Onsdag 27. mai møtest formannskapet igjen for å arbeide vidare med arealplaninnspela. Då skal utvalet blant anna ta for seg innspel til havbruk.
Kommunestyret skal vedta kommuneplanen sin arealdel i løpet av 2027.