Ny ordning for veglys langs privat veg

Langs private vegar i Bjørnafjorden varierer det om det er vegeigar eller kommunen som betalar for veglysa. No får den eller dei som eig vegen ansvar for kostnaden for veglyset. Kommunen tilbyr avtalar om drift og vedlikehald.

  • Kort fortalt

    • Bjørnafjorden kommunestyre vedtok 30.03.2023 å overføre kostnaden for drift av veglys langs private vegar til oppsitjarane/vegeigar. 
    • Endringa gjeld dei lysa der det i dag er kommunen som betalar straumen.  
    • No er omfanget kartlagt, og i løpet av 2026 vil kommunen sende ut informasjon til oppsitjarane/vegeigar. 
    • Som vegeigar kan du avtale at kommunen tar seg av drift og vedlikehald av veglysa mot ein årleg kostnad. 
    • Dersom den som eig vegen verken vil inngå avtale eller overta drifta sjølv, vil kommunen etter kvart demontere og fjerne anlegga.

På tide med lik praksis

I dag varierer det om private veglys blir drifta og betalt av oppsitjarane eller av kommunen. Mange private vegar med lysanlegg er knytt til private fellesanlegg og blir allereie betalt av oppsitjarane, medan kommunen betalar for andre. For å sikre rettferdig behandling, blir det no innført lik praksis. Frå 2026 blir kostnader knytt til drift og vedlikehald av veglys i private vegar/område gradvis overført til oppsitjarane, der det ikkje allereie er gjort. Dei fleste som ønskjer det, kan inngå ein avtale med kommunen om fortsett drift og vedlikehald mot ein årleg kostnad.

Eg har private veglys. Kva gjer eg no?

Ta kontakt med dei andre oppsitjarane i din veg, eventuelt veglaget eller velforenininga, om slikt finst, og bli einige om kva løysing de ønskjer framover. 
Bli einige om kven som skal representere dykk og inngå avtale med kommunen. Dette kan vere den som er ansvarleg for vedlikehaldet av vegen, leiar for veglaget, velforeininga eller bustadselskap. Den som skriv under avtalen med kommunen, mottar faktura ein gong i året.

Tre alternativ for framtidig løysing av lys i private vegar/område 

  1. Avtale med kommunen om drift mot ein årleg kostnad
    De kan inngå avtale med kommunen for å sikre drift og vedlikehald av dei aktuelle veglysa.  Dersom de inngår ein avtale, er årleg kostnad per veglys 800 kroner for LED-armatur og 1300 kroner for andre armatur, inkludert meirverdiavgift. Prisen blir regulert kvart år i kommunen sitt gebyrregulativ og prisliste (PDF, 765 kB).
    Eventuelle grunnarbeid knytt til utskifting av nedgravne kablar eller lysmaster/-stolpar eller armatur er ikkje omfatta av avtalen.
     
  2. Overta og drifta veglyset sjølve
    For nokre veglysanlegg kan kommunen overføre eigarskap til vegeigarar, for eksempel til eit veglag eller bustadselskap. Dette gjeld for det meste stålmaster der det berre er montert veglys. Kostnader knytt til privat anlegg/målar blir dekt av oppsitjarane.
     
  3. Demontering og fjerning av anlegg
    Dersom de ikkje ønskjer å oppretthalde veglysa, kjem kommunen etter kvart til å demontere og fjerne anlegget kostnadsfritt. Dersom det er tremaster som ikkje kommunen eig, blir berre armaturar og luftstrekk til veglys fjerna.

Kommunen tar kontakt 

Samferdsleavdelinga i Bjørnafjorden kommune er i gang med å kontakte dei aktuelle vegeigarane. Vi forstår at nokon er utålmodige etter å få lys der det er mørke lampar, men først må det altså avtalar på plass. 
Ønskjer de å inngå avtale raskt, før kommunen tar kontakt med dykk? Eller har de spørsmål om den nye ordninga? 
Send oss ein e-post. Hugs å merke e-posten med saksnummer 25/25948.