Ny sykkelparkering på Kuventræ

Likar du å sykle i kulda? Med sykkelskåp på plass ved Os idrettspark kan du no svømme, trene, gå på dugnad eller sjå kamp utan å bekymre deg for om sykkelen står trygt. 

I dag plasserte folk frå Samferdsel i Bjørnafjorden kommune ein grønn parkeringsboks med fire låsbare sykkelskåp ved hovudinngangen til Os idrettspark.

Last ned app og parker

Det står òg ein sykkelboks ved pendlarparkeringa i Lyseparken. For å bruke sykkelboksane må du laste ned appen Bikely. Der ser du kor mange skåp som er ledige der du vil parkere, og du får instruksar om korleis du opnar og låser skåpet. Dei første fire timane står sykkelen gratis, etter det kostar det ti kroner per time.