Nyskapt skuleplass i Eikelandsosen

Torsdag 18. september var det offisiell opning av det nye uteområdet ved Fusa ungdomsskule. 
Opningsarrangementet viste til fulle korleis det nye anlegget kan fungere med ulike soner, både for variert fysisk aktivitet, festlege samkome og som møtestad for små og store grupper. 

Stødig snorklipping av ordførar Terje Søviknes, med god hjelp frå leiar i elevrådet Isak Gjerdevik Tveit (t.h.) og nestleiar Torstein Nordtveit Hjertnes (t.v.). Erik Vangsnes

Arbeidet er gjennomført som eit prosjekt for "nyskapande aktivitetsanlegg" i Vestland. Prislappen blei til slutt på 3,2 millionar kroner.

Talar og grillmat

Rektor Vivi Irene Fosse ønskte velkommen til programmet ute på den nylagde skuleplassen i det vakre haustvêret.
Ordførar Terje Søviknes fekk æra av å opne det nye anlegget, som er eit spleiselag mellom kommune, fylkeskommune og Agenda Vestland.  Ved opninga var det også helsingstale frå Tonje Ljones Såkvitne frå hovudutval for kultur, idrett og inkludering i Vestland og utførande arkitekt Susanne Puchberger. 
Utanom programmet var det grillmat både til elevar, tilsette ved ungdomsskulen og gjester, og sjølvsagt marsipankake. Bjørnafjorden kommune gratulerer med den flotte plassen!