Nytt semester for Bjørnafjorden demenskor

Bjørnafjorden demenskor har første øving i vårsemesteret tysdag 27. januar i Oseana. Har du lyst å synge i koret vårt? Eller kjenner du nokon dette kunne vore kjekt for? Då håpar vi å høyre frå deg! Hugs at både nye og gamle medlemmer må fylle ut søknadsskjema. 

Det var høg stemning både blant deltakarar, frivillige og publikum på Bjørnafjorden demenskor sin konsert i Oseana i november. Elin Johnsen / Midtsiden

Både nye og gamle medlemmer er velkomne til øving tysdagar i Oseana kunst- og kultursenter. Lokalet er ope for deltakarar og pårørande frå klokka 13.45. Øvinga varer frå klokka 14 til 15.15, med kaffistund i foajeen etterpå. Deltakarane blir henta mellom klokka 15.30 og 15.45.

Her er songglede og sosialt og musikalsk felleskap i fokus.

Bli med! 

Merk at dette semesteret må både gamle og nye medlemmer melde seg på seinast fredag 23. januar. Pårørande eller andre som hjelper til med påmeldinga loggar seg inn med bank-ID for å fylle ut skjemaet. 

Her finn du påmeldingsskjema

Har du spørsmål? 

Ta kontakt med Stine Kobbeltvedt i Os frivilligsentral, telefon 94396618 eller demenskoordinator Sølvi Bjørnevoll Fagertveit, telefon 97477031
Bur du på Fusa-sida, kan du ta kontakt med Anne-Siv Skåthun Berge, telefon 47508072

Vel møtt – vi gler oss til å sjå deg!