Oppstart av arbeid: Skeisleira - Hagavik - Strønevegen - Ulvenflaten
Bjørnafjorden kommune v/prosjektavdelinga, og utførande entreprenør Fyllingen Maskin AS, informerer om oppstart av arbeid med legging av ny overføringsleidning for avløpsvatn.
Prosjekt Overføring avløp Skeisleira
Ny avløpsleidning skal samle avløpsvatn frå områda Skeisleira/Nore Neset, Hagavik og Strønevegen, for overføring til Os hovudavløpsreinseanlegg OHARA, der avløpsvatnet skal reinsast etter dagens krav.
- Arbeidet i samband med den nye overføringsleidningen vil starte i oktober 2025 og vare fram til desember 2026.
- Oppstart 6. oktober 2025 i områda Hagavik og Ulvenflaten, deretter held arbeidet fram i område for område.
- Grunneigarar vil bli kontakta. Bebuarar vil bli varsla om oppstart av arbeid på SMS. Prosjektleiar har dialog med skular og barnehagar i dei aktuelle områda.
Kartet viser dei ulike arbeidsområda i prosjektet. Heile anleggsperioden strekk seg frå oktober 2025 til desember 2026.Kva skal gjerast?
Skeisleira:
- Skeisleira avløpsreinseanlegg blir lagt ned.
- I dag blir avløpsvatn delvis reinsa før det blir sleppt ut i Skeisosen. Bygging av ny pumpestasjon og sjøleidning vil frakte avløpsvatnet vidare til ny hovudleidning, til reinsing i OHARA etter dagens reinsekrav.
- Forholda i Skeisosen vil bli betre. Området vil òg framstå betre når dagens reinseanlegg blir fjerna og erstatta av eit lite pumpehus.
Hagavik:
- Kommunal slamavskiljar blir lagt ned.
- I dag blir ureinsa avløpsvatn sleppt ut i Hagaviksfjøro. Ny pumpestasjon vil frakte avløpsvatnet vidare til ny hovedleidning, og reinsing i OHARA etter dagens reinsekrav.
Hagaviksbakken:
- Ny pumpestasjon for vidareføring av avløpsvatn.
- I 2019 blei dagens avløpsleidning i Hagaviksbakken utbetra. Denne leidningen er i full funksjon og vil bli liggande. Ny avløpsleidning blir lagt i ei grunn grøft over eksisterande leidning.
Strønevegen – Ulvenflaten:
- Ny avløpsleidning skal frakte avløpsvatnet frå Hagaviksbakken, langs Strønevegen og til Ulvenflaten for påkopling til eksisterande leidning fram til OHARA.
- I 2017 blei det etablert ny pumpestasjon og nye leidningar i området Hjorthaugen/Kloppamyra. Dette systemet er høgst funksjonelt og skal framleis vere i drift. Ny leidning blir lagt i grunn grøft parallelt med dagens leidning.
Publisert av Ragnhild Stende Bjaadal
Sist endra 03.10.2025 09:17