Rekneskapsresultat 2025

Driftsrekneskapen for Bjørnafjorden kommune (kommunekassa) viser eit netto driftsresultat på 53,9 mill. kr. for 2025. Med driftsinntekter på 2,7 mrd. utgjer dette ein resultatgrad på 1,97%.  

Driftsrekneskapen for Bjørnafjorden kommune (kommunekassa) viser eit netto driftsresultat på 53,9 mill. kr. for 2025. Med driftsinntekter på 2,7 mrd. utgjer dette ein resultatgrad på 1,97%. Årets rekneskapsmessige mindreforbruk før strykninger er 30 mill. kr.  Bruk av disposisjonsfond er redusert med denne summen slik at årets mindreforbruk er kr 0. 

Investeringsrekneskapen for 2025 er gjort opp i balanse. 

Den store resultatforbetringa i forhold til fjoråret skuldast i hovudsak ein kraftig vekst i frie inntekter og positiv endring i premieavvik pensjon, samtidig som utgiftsveksten avtok. Utgiftsnivået i tenestene blei samla sett lågare enn forventa i 2025, men konsentrert rundt nokre få område. Finansporteføljen fekk eit godt resultat også i 2025.

Rekneskapen er ikkje revidert.