Maks konsentrasjon, og ein særs fokusert heiagjeng som ventar på tur.Sist veke gjekk rullatorløpet ved Fusa bu- og behandlingssenter (FBBS) av stabelen for tredje gong, med høgt humør og trivelege generasjonsmøte. Invitasjonen gjekk ut til alle bebuarar ved FBBS og omsorgsbustadene og til brukarar ved dagsenteret, uansett funksjonsnivå. Deltakartalet var imponerande, og kvar einaste gullmedalje var vel fortent. Skåthun Berge er vernepleiar i demensomsorga og ei av drivkreftene bak arrangementet. Med seg i komiteen har ho tilsette frå fysioterapi, ergoterapi og dagsenteret, og Fusa vidaregåande skule og Fusa frivilligsentral.

Nøgd arrangementskomité. Frå v.: Randi Helen Lyhammer Sævareid (vernepleiar dagsenter), Herdis Sundøy og Maria Rosvold (lærarar på Fusa vidaregåande skule), Anne-Siv Skåthun Berge (vernepleiar dagsenter), Olav Flølo (fysioterapeut), Anouck Jansen (ergoterapeut) og Rayanne Alyssa Garcia (fysioterapeut).
Mykje skryt til elevane frå Fusa vgs
Som i fjor og forfjor samarbeidde FBBS med Fusa vidaregåande skule. Elevane frå VG1 Helse og oppvekst og VG2 Helsefagarbeidar hadde planlagt dagen, laga oppgåver og førebudd aktivitetar, og dei gjennomførte med glans. Før start fekk alle ein fin minikonsert ved Tiril og Benjamin, så var det felles elevstyrt oppvarming, og på og mellom postane gjekk praten lett.
To av lærarane ved Fusa vgs, Maria Rosvold og Herdis Sundøy, er med i arrangørkomiteen for tredje gong. Dei er særs nøgde med at fire av elevane blir lærlingar i Bjørnafjorden kommune til hausten, to på kvar side av fjorden. Lærarane meiner at rullatorløpet er ein god måte å introdusere elevane for eldreomsorga.

Letta gjeng etter fullført løp. Elevane frå Fusa vidaregåande skule si planlegging og gjennomføring var vel verdt gullmedaljane.
- Elevane gjer ein kjempejobb, seier Anne-Siv Skåthun Berge. Ho er einig med Sundøy og Rosvold i at det tverrfaglege samarbeidet om arrangementet er bra for rekrutteringsarbeidet.
- Elevane får møte dei eldre i ein positiv setting. Det er ein trygg måte å bli kjent med bebuarar og tilsette ved FBBS, og det kan gjere terskelen lavare for å søke sommarjobb eller lærlingplass her hos oss, seier Skåthun Berge.
God kjemi. Jostein og Thea gjennomførte heile runden arm i arm. Thea Nielsen gler seg å bli lærling ved FBBS til hausten.
Kjellaug Skaathun og og Maria Havsgård visste ikkje heilt kva dei hadde i vente, men stilte med ope sinn og upåklageleg humør.- Ein fin måte å bli kjent på
Thea Nielsen går VG2 helsefagarbeid, og skal i lære ved FBBS til hausten. Ho gler seg, og veit godt kva ho går til etter å ha hatt både praksis og sommarjobb på huset. - Eg trivst godt. Det er givande arbeid, og ein dag som dette er bra på mange måtar, meiner Thea. - Det er ein ufarleg måte for elevane å bli kjent med FBBS og sjå korleis dei har det her. Og det er veldig viktig at det skjer noko kjekt der så mange er med. Deltakarane synest det er veldig gøy. Ein bebuar har framleis diplomet frå det første rullatorløpet på veggen på rommet sitt. Det seier litt, slår Thea fast. Runden frå post til post gjekk ho arm i arm med Jostein Havsgård i sola. Jostein held imponerande fart heilt inn, og sette særleg pris på at dei fekk fint vêr. - Det blei sol! Det kan eg lika, smiler han.
Feltet i fin driv, med suveren utsikt.
Deltakarane runda bygget på idealtid, anten på hjul, med rullator eller på eigne bein med ein arm å støtta seg til.
Fortent applaus til Klara etter presisjonskast med ertepose.
Spenning i lufta! Blir det poeng?
Oppgåva "fullfør dette ordtaket" levna ingen tvil om at dei gamle er eldst. Deltakarane leverte riktige svar som perler på ei snor, og imponerte ungdommane.85 år mellom dei yngste og den eldste
Raquel, Ella og Laura var dagens yngste trio. Dei tre 9.-klassingane har eitt år igjen på Fusa ungdomsskule, og fekk ein gøy og travel dag 2 av arbeidsveka si. Dei har enno ikkje bestemt seg for kva dei vil velje på vidaregåande, men er einige om at for alle som lurer på om dei skal gå ei av helseretningane er det lurt å ha arbeidsveke ved FBBS.
- Det er ein god måte å finne ut om det er noko for deg. For å trivast med jobben er det bra å vere open for å snakke med alle typar folk, meiner dei tre.
Klar vinnar av prisen “årets eldste deltakar” var Borgny, som nærmar seg 100 år.
Laura, Ella og Raquel frå Fusa ungdomsskule fekk ein innhaldsrik tysdag i arbeidsveka si.
Elegante Borgny nærmar seg 100 år, og strakk av med premien for eldste deltakar. Assistent Thomas jobbar på heile huset, alt etter kvar det er behov for han.-Dei gode generasjonsmøta er ein viktig del av ein dag som dette, seier Anne-Siv Skåthun Berge. I invitasjonen hadde arrangementskomiteen tatt atterhald om at rullatorløpet kunne bli avlyst på kort varsel viss det blei styrtregn. Det hadde dei ikkje trengt å bekymre seg for. Timinga kunne ikkje vore betre - arrangementet blei gjennomført i sol og mild bris. Ei ekte stjernestund.