Signerte Samnøy-kontrakt

Jan Haukedalen (Helldal AS), Alf Sognefest (Bjørnafjorden Utviklingsselskap), ordførar Trine Lindborg og varaordførar Mikal Leigland - Klikk for stort bileteJan Haukedalen (Helldal AS), Alf Sognefest (Bjørnafjorden Utviklingsselskap), ordførar Trine Lindborg og varaordførar Mikal Leigland Andris Hamre

Dagleg leiar Alf Sognefest i Bjørnafjorden Utviklingsselskap AS har signert kontrakta for bygging av tømmerkai på Samnøy.

Etter ein offentleg anskaffingsprosess, kor 10 entreprenørar gav tilbod har Bjørnafjorden Utviklingsselskap AS (BUS) tildelt kontrakten til Helldal AS.

- Kontraktsummen er på 34 millionar kroner inkl mva, fortel dagleg leiar Alf Sognefest i BUS.

- Interessa for oppdraget var stor og kontrakta blei tildelt Helldal AS etter dei kriteria som låg i anbodsgrunnlaget.

Driv anleggsarbeidet frå lekter

Allereie denne veka frakta Helldal AS ein lektar på 27x91 meter med ein lastekapasitet på 10 000 tonn til Samnøy. Lektaren er for øyeblikket utstyrt med anleggsmaskiner og diverse utstyr som skal nyttast i prosjektet.

Lekteren på plass ved Samnøy - Klikk for stort bileteLekteren på plass ved Samnøy Helldal AS

- Vi var ferdige med ein jobb på Håkonsvern og måtte flytte lektaren. Vi valde difor å ta den rett til Samnøy då vi fekk vite at vi var tildelt kontrakten, fortel dagleg leiar Jan Haukedalen i Helldal AS.

- Vi byrjer så smått no før jul med å få utstyret dit, gjere klart riggområdet og foreta grunnundersøkingar slik at vi får optimalisert løysingane der inne. Sjølve tømmerkaia planlegg vi å starte på i april/mai. Tida fram til då vil gå med til detaljprosjektering og klargjering.

Mellom anna skal det etablerast ein skogsbilveg ut til området kor tømmerkaia skal byggast. Det skal også flyttast større menger med masse fortel dei to. Mellom anna skal jorda takast vare på ved å lage eit nytt område om om lag 30 dekar dyrka mark. Tømmerkaia med baklandet skal vere ferdig i løpet av 2023.

Lekteren på plass ved Samnøy - Klikk for stort bileteLekteren på plass ved Samnøy Helldal AS

- Vi er også i sluttforhandlingane kring finansiering av veg og infrastruktur på Samnøy. Målet med desse forhandlingane er at dei skal gje over 50% privat kapital til veg- og infrastrukturprosjektet. Forhåpenlegvis er dette på plass tidleg på nyåret, forklarer Sognefest.

- Ein stor dag for Bjørnafjorden kommune

Signeringa av kontrakten gjekk føre seg på ordførar Trine Lindborg sitt kontor. Tilstades var også varaordførar Mikal Leigland som har jobba med næringsområdet på Samnøy siden 2015.

Mikal Leigland og Trine Lindborg - Klikk for stort bileteMikal Leigland og Trine Lindborg Andris Hamre

- Dette er ein stor dag for Samnøy og heile Bjørnafjorden kommune. Endeleg kan spaden stikkast i jorda, stråler dei to.

- Godkjenning av kjøp av arealet på Samnøy var noko av det siste kommunestyret i gamle Fusa kommune banka gjennom. Samnøy blei lagt inn i kommuneplanen i 2015. Det bygde då på ein allereie eksisterande reguleringsplan, forklarar Leigland.

- Det var tøffe forhandlingar med grunneigarane, slik som det skal vere, men vi sto på at det skulle vere lik pris på innmark og utmark slik at alle grunneigarane fekk same pris. Det trur eg gjorde at vi klarte å få til ein avtale.

- Næringsområdet på Samnøy er viktig for industriutviklinga i Bjørnafjorden Aust og området rundt, men også for den framtidige utviklinga av Eikelandsosen. Det har vore viktig for oss heilt frå 2015, understrekar Leigland.

Når tømmerkaia står ferdig kan området rundt Fusa VGS og på Leiro i det generelle løftast til beste for lokalsamfunnet.

Takker BUS for jobben, så langt

Dei to kommunepolitikarane er snare med å takke Alf Sognefest og resten av styret i BUS for å ha landa første steg på Samnøy.

- Det har vore heilt fantastisk å følgje arbeidet og sjå kor smooth det har gått både i kommunen og politisk. Det at vi fekk BUS til å ta det vidare frå adhoc-utvalet var den beste løysinga vi kunne fått. Dei har vist at dei har kapasitet og kompetanse til å lande store prosjekt som dette. No gler vi oss til fortsettelsen med Bolaks si satsing av eit landbasert anlegg og anna næringsutvikling på Samnøy. Vi skal ikkje gløyme at næringsområdet berre er 30 minutt frå E16 og Trengereid.

- Vi vil berre få ønskje BUS og Helldal lukke til med det vidare arbeidet, avsluttar Lindborg og Leigland.

Tømmerkaia på Samnøy er finansiert med eit tilskot frå Landbruksdirektoratet og bruk av midler tilført Bjørnafjorden kommune gjennom Havbruksfondet.