Sjå etter BUA-flagget i sommar!

Frå 6. juli til 6. august er det sommartid i BUA. Martin, Lasse og Maren sørger for at du kan låne utstyr til sommaraktivitet fire dagar i veka.  

Frå venstre: Martin Hjertaker, Lasse Skaatun og Maren Elise Sævareid held BUA open i heile sommar både på Os og i Eikelandsosen. BUA er Bjørnafjorden kommune sin utlånsentral, og her kan du låne utstyr til aktivitet og friluftsliv, heilt gratis. Ragnhild Stende Bjaadal, Bjørnafjorden kommune

Har fått gummibåtar

Kvar sommar sidan BUA opna i 2021 har det vore rift om SUP-bretta. I år har BUA i tillegg kjøpt inn to gummibåtar til utlån. Den eine har plass til to vaksne og eitt barn, den andre er litt mindre, og har plass til ein vaksen og eitt barn. Det er sjølvsagt obligatorisk med flytevest -  hos BUA har vi alle storleikar. Kanskje er det lurt å låne med seg våtdrakter òg, i tilfelle det er litt friskt i fjorden?  

Last ned BUA-appen

I BUA sin app kan du opprette lånarprofil, sjekke opningstidene til BUA Os og BUA Eikelandsosen og sjå kva utstyr som er ledig for utlån.
Om du ikkje har appen, finn du informasjon om BUA på heimesida til kommunen

Måndag og torsdag på Os

BUA held på dei vanlege opningsdagane, men utvidar tidene i sommar. På Os kan du låne utstyr måndagar klokka 11-15 og torsdagar klokka 13-16.30. 
NB! Sommaropningstider frå 6. juli!

Fem onsdagar i Fjord'n Senter  

Til vanleg held BUA Eikelandsosen til i Fjorden Arena, men frå 8. juli flyttar BUA Eikelandsosen midlertidig til Fjord'n Senter, med opningstid klokka 12-16 fem onsdagar på rad. 
- Det er kjempefint at vi har fått låne lokale i senteret i sommar. Her er det ekstra lett å finne oss, seier Lillian Kvamsøy, dagleg leiar i BUA Bjørnafjorden. 

Pop-up-BUA på tysdagar

Tysdagar blir det BUA på hjul. Då fyller sommarjobb-ungdommane bilen med utstyr og tar ein tur ut til strender og friluftsområde. Skulle det bli dårleg vêr, har dagleg leiar Lillian Kvamsøy ein plan B. Då blir det pop-up-BUA under tak, anten på Thon Senter Os eller i idrettshallen på Nore Neset.  
Hald utkikk etter BUA-flagget, og hiv deg med på leik og aktivitet!  

Opningstider i veke 28-32 (frå 6. juli til 6. august)

BUA Eikelandsosen

  • Onsdag klokka 12-16

BUA Os 

  • Måndag klokka 11-15
  • Torsdag klokka 13-16.30

God sommar!