Skal behandle framtidas bibliotek

Bjørnafjorden kommunestyre skal på møtet 26. mars behandle ei sak om korleis biblioteket skal vere i framtida. Les om denne og andre saker til behandling i kommunestyret.

Klubbe som ordførar kan bruke i behandling av saker. - Klikk for stort bilete Tingey Injury Law Firm/Unsplash

Kommunestyret har møte torsdag 26. mars klokka 16.00 i kommunestyresalen i Bjørnafjorden rådhus. Du kan følge behandlinga av sakene på Kommune-TV.

Vil halde på bibliotek-ilsette

I saka om framtidas bibliotek innstiller formannskapet på å halde på talet på tilsette på biblioteket. I saka blir det lagt opp til at administrasjonen skal jobbe vidare med å få mindre lokale i nærleiken av Osøyro når gjeldande leigeavtale for hovudbiblioteket går ut i 2027.

Biblioteket har krav om innsparing på fire millionar kroner i 2027, og saka er ei oppfølging av det vedtaket. I samband med dette er det utarbeidd ein rapport som har ulike forslag til korleis denne innsparinga skal skje. Rapporten skisserer fire ulike alternativ til løysing og ligg ved saka til kommunestyret.

Vil auke kostnadsramma på Osbadet

Kommunestyret skal behandle eit forslag om å auke kostnadsramma for nytt ventilasjonsanlegg på Osbadet til 5,5 millionar kroner. Det er hittil sett av tre millionar til prosjektet, og etter utlyst konkurranse har prosjekteininga utarbeidd ei ny kostnadsramme på om lag 5,5 millionar.

Vil ikkje ha spesialskular

I samband med behandlinga av budsjett for 2025, vedtok kommunestyret å vurdere å etablere ei frivillig alternativ opplæringsarena eller eigne tilrettelagte avdelingar for barn med særskilde behov. Administrasjonen har gjennomført ei utgreiing av spørsmålet og komme til at kommunen bør vidareutvikle inkluderande og tilrettelagte løysingar innanfor eksisterande skular framfor å etablere eigne spesialskular eller varige segregerte avdelingar. Dette er ulike råd og utval samde i.

Avkastningsrapportar

Kommunestyret skal også behandle avkastningsrapportar frå desember 2025 og januar 2026. I desember var avkastninga positiv, medan januar ga ei negativ utvikling. Ved utgangen av januar var porteføljen på i om lag 196 millionar kroner.

Årsmeldingar og årsrapportar

Bjørnafjorden eldreråd og Råd for menneske med nedsett funksjonsevne har levert årsmeldingar som kommunestyret no får til behandling. Dei skal også behandle årsrapporten frå kontrollutvalet. Leiaren i råda og i kontrollutvalet blir inviterte til møtet i kommunestyret.

Høyringar

Kommunen skal komme med høyringssvar til NOU 2026: 1, ei utgreiing om ein berekraftig kommunestruktur. Høyringsuttalen gir i hovudsak støtte til tilrådingane i NOU1 og løftar fram tydelege bestillingar til NOU 2. Hovudlinja er å be kommisjonen levere forslag som gjer rammestyring og lokalt sjølvstyre til levande prinsipp i praksis. 

Kommunestyret skal også komme med høyringsuttale til byutgreiinga for Bergens-området 2025. I forslaget til uttale står det mellom anna at Bjørnafjorden ønskjer at Statens vegvesen gjer transportmodellberekningar og vurderingar av følgande prosjekt:

  • Fv 552 Hauge – Osøyro (gang og sykkelveg) 
  • Kollektivterminal og innfartsparkering Osøyro 
  • Lyseparken - Byvegen (gang- og sykkelveg) 
  • Innfartsparkering Lysefjorden 
  • Fv 552 Moberg – Osøyro (fortau)

 

Ber om fritak frå politisk verv

Jan Petter Leirvåg er sjette vararepresentant til kommunestyret for Industri- og næringspartiet, INP. Han søker om fritak frå dette vervet ettersom han skal vere utanlands store delar av tida framover.

Spørsmål og interpellasjonar

Som vanleg blir kommunestyret avslutta med spørsmål og interpellasjonar. Det har ikkje komme interpellasjonar innan fristen, men det kan framleis komme spørsmål til ordførar. 

Les alle sakene som kjem til behandling 26. mars