Skal de gifte dykk i sommar? Hugs å sende inn nødvendige papir!
Sommaren er høgsesong for giftarmål, og kommunen har ansvar for borgarleg vigsel i Bjørnafjorden. Midt i all romantikken må de hugse på nokre praktiske ting, for eksempel fristane for å sende inn dokument.
Unsplash / Sandy Millar
Brurepar som skal gifte seg borgarleg i Bjørnafjorden mellom 1. juli og 23. august 2026, må sende inn all påkravd dokumentasjon innan fredag 19. juni.
Bjørnafjorden kommune gratulerer, og ønskjer lukke til med førebuingane!
Publisert 13.04.2026 10:28