Skyss med nytt ruteforslag for Lysefjorden

Skyss har saman med Tide laga forslag til bussruter som køyrer nye Drangsvegen med forbindelse til Lyseparken. 

Skyss

Skyss har i samråd med Tide utarbeidd eit ruteforslag i Lysefjorden for linje 601 Osøyro–Ulven–Lysekloster–Helleskaret–Drange og linje 62 Drange–Helleskaret–Fana–Lagunen terminal.

Forslaget inneber bruk av nye Drangsvegen med forbindelse til Lyseparken. Busstoppa Smeabakken, Lysekloster gard, Lysekloster ruiner og Langedalen blir dermed ikkje lenger trafikkert av ordinær busstrafikk. Desse stoppa har i gjennomsnitt mellom 0 og 1 påstigande per dag. Traséen vil framleis ha skuleskyss for elevar som har rett på det.
Her kan du lese heile forslaget frå Skyss og sjå kart over ruter og stopp. (PDF, 950 kB)
Merk at rutetidene i tabellen er tentative.

Har du merknader?

Du kan sende inn eventuelle merknader til ruteforslaget innan 1. november 2026.

Send innspel